50 plassar bak John Fredriksen
HAVILA: Per Sævik har den 51. største formuen i Norge, og er inne i ei lang rekkje selskap, der investeringa i Fjord1 er den mest lukrative.
Nytt

50 plassar bak John Fredriksen

Det finst seks milliardformuer i nordvest. Per Sævik tronar øverst, medan Roger Halsebakk er nykomar i milliardærklubben.

03.10.2018
Dette viser Kapital si oversikt over formuer i landet.
Kapital slår fast at det er 308 som kan rekne seg som milliardærar, og desse kontrollerer formuer på totalt 1.349 milliardar kroner.
Aller øverst tronar John Fredriksen, med ein total formue på 113 milliardar kroner, føre Torstein Hagen med 72 milliardar og Odd Reitan med 43,7 milliardar.

Solid auke

På 51. plass finn ein Per Sævik frå Herøy med ein formue på 4,45 milliardar kroner, opp frå 2,6 milliardar året før.
Mesteparten av Sævik-formuen ligg i dei børsnoterte selskapa Havila Shipping, Havyard Group og Fjord1, men også i investeringar i eigedom gjennom Havila Invest.

Ein må heilt ned på 141. plass for å finne den nest rikaste i nordvest. Det er Nordfjord Kjøtt-eigar Geir Egil Roksvåg i Loen med ein formue på 2,2 milliardar.

Ålesund-formuer

På 166. plass kjem Bjarne H. Haagensen i Ålesund med ein formue på 1,75 milliardar. Formuen stammar hovudsakleg frå produksjon og sal av klippfisk, samt eigedom.
Hexagon-gründer Knut Flakk frå Ålesund er nummer 171 med ein formue på 1,7 milliardar kroner. I tillegg til Hexagon kjem formuen frå hotelldrift, helikoptertransport, opplevingsaktivitetar og klesproduksjon.
Fjordlaks-eigar Anders Pedersen frå Ålesund er nummer 184 på Kapital si oversikt over norges største formuer.

Brønnbåt-formue

Nykomar på lista er Sølvtrans-eigar Roger Halsebakk frå Ålesund og Sandsøya, med ein formue på 1.05 milliardar kroner. Det gjer Halsebakk til norges 285. rikaste.
Men fleire utflytta sunnmøringar tronar høgt oppe, aller høgast Olav Nils Sunde med ein formue på 10 milliardar kroner og ein 19. plass på lista.
Formuen kjem blant anna frå Color Group, kleskjeden Voice og Gresvig Sport.
Tidlegare Stokke-eigar Rune Stokke er på 130. plass med ein formue på 2,15 milliardar kroner, medan Brødrene Sunde-eigar Karl Johan Sunde er nummer 153 med ein formue på 1,9 milliardar kroner.
På lista over dei 400 rikaste, kjem også Hans P. Koppernæs med ein formue på 0,8 milliardar. Det gir ein 369. plass.

Publisert: 03.10.2018 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26