Bauta pris arets bedrift 2024
FEKK PRIS: Frå venstre: Leiar av kompetanse- og næringsutvalet, Geir Stenseth, leiar for forretningsutvikling og berekraft i Bauta, Gjermund Kvernmo Langset, HR-leiar Anita Sæheim Kjelsvik i Bauta , produksjonsleiar i Bauta Maritime og gründer John Arve Sundet. Foto: Per-Kristian Bratteng/Møre og Romsdal fylkeskommune
Kort fortalt

Fekk prisen som årets bedrift

Vekstkonsernet Bauta heidra av fylkespolitikarane.

Marius Rosbach
23.04.2025

Bauta Group frå Tomrefjord fekk onsdag overrekt prisen som Årets bedrift 2024 i Møre og Romsdal. 

Det skjedde under fylkestinget i Geiranger onsdag, ifølgje ei melding frå fylkeskommunen. 

Leiar Geir Stenseth av kompetanse- og næringsutvalet delte ut prisen, saman med fylkesordførar Anders Riise. 

– Utnemninga er vel fortent og eit bevis på deira imponerande innsats i ei årrekke og resultata dei har oppnådd, uttalde Stenseth.

Frå Bauta Group AS stilte leiar for forretningsutvikling og berekraft, Gjermund Kvernmo Langset, HR-leiar Anita Sæheim Kjelsvik  og produksjonsleiar i Bauta Maritime og gründer John Arve Sundet.

Fylkesprisen er ein statuett laga av kunstnaren Ola Stavseng frå Stordal. Prisen blir delt ut årleg av politikarane i Møre og Romsdal. 

Sjå videointervju: 

Bedrifta med base i Vestnes har 30 verft på kundelista, og har dei siste åra utvida områda dei satsar på. 

I 2018 vart selskapet omorganisert til eit konsern med 18 selskap og over 600 tilsette, som leverer stål og stålkonstruksjonar til skipsindustrien. Dei jobbar også med havbruk, eigedomsutvikling, utleige av maskiner og elektrotenester.

Publisert: 23.04.2025 16:21

Sist oppdatert: 23.04.2025 16:21

Mer om