Robert Ervik foto Ervik Havfiske
EIN AV SJU ARVINGAR: Robert Ervik har teke over leiinga av Ervik-reiarlaget, men den yngste generasjonen møter utfordringar med å ta over eigarskapen. Foto: Ervik Group
Kort fortalt

Ervik vil ha fritak frå deltakarlova

Høgre meiner det er på tide å sjå på reglane på nytt.

23.04.2025

Ervik Havfiske vil ha fritak frå deltakarlova som krev at ein viss del av eigarane må vere aktive fiskarar. 

Det skriv NRK Vestland. 

Reiarlaget frå Stadlandet står framfor eit generasjonsskifte, men møter utfordringar med deltakarlova fordi berre ein av sju arvingar er aktive fiskarar. 

Dagleg leiar i Ervik Group, Robert Ervik, fortel at det «ikkje berre er å hive folk på havet», og at det trengst folk til å drifta båtane frå kontoret.

Han meiner selskapet bør få fritak frå reglane fordi dei er viktige for lokalsamfunnet. Reiarlaget har engasjert seg i alt frå drift av treningsstudio og butikk, til hotell og restaurant i lokalmiljøet kring Leikanger. 

Fiskeripolitisk talsperson Olve Grotle i Høgre meiner det er på tide å for å sjå på reglane på nytt. 

– Ervik Havfiske er et døme på at det er naudsynt, seier han til kanalen. 

Publisert: 23.04.2025 22:49

Sist oppdatert: 23.04.2025 22:49

Mer om