Gründerane bak Prodtex ønsker ikkje å gi seg, og vurderer å starte opp verksemda på nytt.
Det stadfestar duoen Sigbjørn Nordstrand og Tore Roppen, som var høvesvis dagleg leiar og forretningsutviklar i det konkursråka selskapet.
– Vi ønsker å starte opp på nytt, og dei tilsette har sagt at dei vil vere med, seier Nordstrand til Nett No.
Gründerane starta opp Prodtex i 2017, og vekte stor merksemd med sin avanserte metode for lasersveising. Den gjorde det mellom anna mogleg å bygge bruer med langt lågare klimaavtrykk, enn ved tradisjonelle metodar.
Nordstrand og Roppen påpeiker at det er alt for tidleg å seie kva form ein ny oppstart vil få, men dei er ikkje avhengige av å sikre seg til eksempel teknologi frå konkursbuet.
– Det er folka som utgjer teknologien vår, seier Roppen.
Satsa på fleire område
Prodtex Industri som gjekk konkurs i fjor, var produksjonsselskapet og haldt til på Fiskåholmen i Vanylven. I tillegg til å lage fleire mindre bruer for Statens vegvesen, satsa selskapet på fleire område.
Dei sikra seg mellom anna oppdrag med å lage store tankar for frakt av hydrogen på skip og stålmerdar til oppdrett som Lerøy Seafood skulle ta i bruk.
Utfordringar med sistnemnte oppdrag var den utløysande årsaka til fjorårets konkurs.
Sidan har morselskapet kjempa for å halde seg flytande. Blant annet skulle dei få hjelp frå Ulmatec-konsernet med å lage køyretøysperrar til Statsbygg.
Oppdraget enda som kjent med at den statlege bedrifta retta eit krav mot Prodtex – som utløyste den siste konkursen.
Ikkje aktuelt for buet å vidareføre drifta
Ingeniørverksemda til Prodtex AS som melde oppbod tysdag, var framleis i gong på konkurstidspunktet. Bustyrar Øystein Remme opplyser til Nett No at det ikkje er aktuelt for buet å ta over.
– Det blir ikkje vidareført drift i buets regi, og alle tilsette vil få oppseiing, opplyser han.
Bustyraren var onsdag i møte med den tidlegare leiinga om konkursen. Då fekk han også opplyst at det blei vurdert ein ny oppstart.
Det blir ikkje vidareført drift i buets regi, og alle tilsette vil få oppseiing
Pantet truleg høgare enn verdiane
Bustyraren opplyser at verdiane består av uteståande fordringar, bankinnskot og ein del lausøyre.
– Alt av verdiar som er avdekka så langt, kjem under bankens pant, fortel han.
Bustyraren reknar difor med at det blir opp til banken å ta ansvar for å realisere desse. Remme påpeiker samtidig at buarbeidet er tidleg i prosessen, og at dette er førebelse vurderingar.
Den samla verdien i selskapet vart i tingretten anslått til kring 7,8 millionar. Gjelda er på 18,9 millionar kroner, som også inkluderer eit betydeleg lån frå aksjonærane.
Publisert: 24.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 23.04.2025 22:27






