Artec Aqua foerst i loeypa
MEIR ARBEID: Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik kan gle seg over ny kontrakt til Ålesund-selskapet som er del av Endur-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

600-millioners kontrakt for Artec Aqua

Ålesund-selskapet med tjukkare ordrebok etter inntektssvikt i fjor.

06.09.2024

– Vi ser at marknaden kjem tilbake igjen, sa Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik til Nett No tidlegare denne veka.

Fredag offentleggjer selskapet ein kontrakt med oppdrettselskapet Sævareid Fiskeanlegg i Hordaland som stadfestar påstanden.

Ingeniør- og prosjekteringselskapet i Ålesund skal konstruere og prosjektere eit smoltanlegg med ein produksjonskapasitet på 29 millionar smolt.

Kontrakten er på over 600 millionar kroner, ifølgje ei børsmelding.

Les børsmelding her (ekstern lenke)

Detaljplanlegginga av anlegget skal vere ferdig i løpet av andre kvartal neste år, før Sævareid Fiskeanleg tek ei endeleg avgjerd om bygging.

Tjukkare ordrebok
Artec Aqua eier ein del av det børsnoterte Endúr-konsernet, der Artec Aqua-grunnleggarane er største aksjonær.

I ein periode med låg orderinngang har den Artec Aqua sin andel av inntektene i Endúr-konsernet krympa, men no er det på veg opp igjen.

Artec Aqua har spesialisert seg på anlegg til landbasert oppdrett. I år har dei mellom anna sikra seg milliardoppdrag for Salmon Evolution, med bygginga av andre byggesteg av anlegget på Romsdalskysten.

Braut vekstkurva
Etter fleire år med vekst vart vekstkurva broten for Artec Aqua i fjor. Frå 1,1 milliard kroner i inntekt i 2022 fall inntektene til 290 millionar kroner i 2023, og selskapet fekk eit lite underskot.

– Vi sa at dette kom til å bli tøft og grunnrenteskatten er ei viktig årsak til at det stoppa opp, og ga dei konsekvensane som vi ser i 2023-resultata, sa Eidsvik til Nett No tidlegar i veka.

Trass inntektsfallet i fjor budde Artec Aqua seg på meir å gjere og auka bemanninga, frå 54 til 63 i løpet av 2023.

Publisert: 06.09.2024 08:30

Sist oppdatert: 06.09.2024 21:31

Mer om