Eva vinje aurdal vebjørn krogsæter bystyresalen foto ålesund kommune 11
SKAL AVGJERE: Ordførar Eva Vinje Aurdal og varaordførar Vebjørn Krogsæter og dei andre i kommunestyret i Ålesund skal 17. mars vedta om kommunen skal søke departementet om kommunedeling. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Ålesund-ordføraren: – Rådet er tydeleg

Stort fleirtal for at Haram skal forlate Ålesund kommune.

Marius Rosbach
03.03.2022

(NPK-NETT.NO): Folkerøystinga som blei avslutta torsdag, viser at eit stort fleirtal ønsker at tidlegare Haram kommune riv seg laus seg frå Ålesund kommune.

Det kjem fram i ei melding frå Ålesund kommune seint torsdag kveld.

Det har vore førehandsstemming i perioden 24. februar til 1. mars og valdag torsdagen.

3.628 personar - 71,8 prosent - stemte for å skille ut Haram som eigen kommune.

1424 personar - 28,2 prosent - stemte for at Haram framleis skal vere del av Ålesund kommune.

– Eit klart mandat
Den 17. mars skal kommunestyret i Ålesund vedta om det skal sendast ein skilsmissesøknad til Kommunal- og distriktsdepartementet.

– No har politikarane fått eit klart mandat. Dei har spurt folket, og no har dei fått svar. Dette er ein så klar beskjed som det går an å få. Når dei har spurt etter råd, må dei òg lytte til folket, seier Harald Nordang, leiar for aksjonsgruppa «Haram ut av Ålesund», til NRK.

I alt 66 prosent av dei stemmeføre sa si meining i folkeavstemminga. I to av fem valkrinsar var det eit knapt fleirtal for å framleis tilhøyre Ålesund: Vatne og Tennfjord (51 prosent) og Søvik og Grytastranda (57 prosent).

– Eit veldig godt frammøte
– Vi har bede folk om råd, og eg synest folk har svart godt på det. Eit veldig godt frammøte. Lokalmiljøet har engasjert seg, og rådet er tydeleg: at folk i gamle Haram kommune ønskjer kommunen sin tilbake, seier ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i Ålesund til kanalen.

Haram vart saman med Sandøy, Skodje og Ørskog del av «nye» Ålesund kommune i 2020 etter at Stortinget i 2017 vedtok ny kommunereform. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har lova at staten tek rekninga ved ei reversering.

Les meir om resultatet her (ekstern lenke)

Publisert: 03.03.2022 22:53

Sist oppdatert: 04.03.2022 08:50

Mer om