Eva vinje aurdal vebjørn krogsæter bystyresalen foto ålesund kommune 11
GJER VEDTAK I MARS: Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal og varaordførar - og tidlegare Haram-ordførar - Vebjørn Krogsæter, er mellom politikarane som skal ta stilling til saka 17. mars. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Berre gamle Haram vil ut av «tvangsekteskap»

Høgre meiner det er eit teikn på at reforma var rett - men kommunalministeren seier dei jobbar med å rydde opp etter Solberg-regjeringa.

NPK
10.02.2022
(NPK-Peder Skjelten): Berre éin tvangssamanslått kommune er i gang med ein prosess for å løyse seg opp. Kommunalpolitisk talsperson i Høgre meiner det er eit teikn på at kommunereforma var riktig, medan kommunalministeren seier regjeringa jobbar med å rydde opp i Solberg-regjeringa sin maktbruk mot lokaldemokratiet.

I november sende kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) brev til kommunane som blei slått saman med tvang i den store kommunereforma i 2020. Der gav han kommunestyra frist til 1. mars 2022 med å søkje om oppløysing.

Etter nyttår blei det klart at staten tar rekninga for dei kommunane som vil løyse seg opp att.

Likevel er det berre éin av dei 13 tvangssamanslåtte kommunane som har starta ein prosess for oppløysing.

3. mars skal innbyggjarar i tidlegare Haram kommune ha rådgjevande folkeavstemming om dei skal halde fram i Ålesund kommune - som dei blei tvunge saman med, eller gå tilbake til å vere ein eigen kommune.

Kommunestyret i Ålesund vil gjere eit endeleg vedtak 17. mars.

Meir om kommunereforma

* Stortinget vedtok i 2017 å redusere talet kommunar frå 428 til 354 frå 1. januar 2020.

* Hovudformålet var å legge grunnlag for større, meir robuste kommunar.

* 13 kommunar blei slått saman med andre kommunar med tvang. Desse var Søgne, Lindesnes, Fet, Skedsmo, Bindal, Leka, Vikna, Haram, Balestrand, Leikanger, Bjugn, Ørland og Spydeberg.

* Samstundes blei 19 fylke til 16.

Kjelde: Store norske leksikon

Sørlandskommune stemte mot
Lindesnes kommune blei slått saman med tvang med Mandal og Marnardal kommune. Her fekk den tvangssamanslåtte kommunen behalde namnet sitt. Før jul hadde kommunestyret i Lindesnes to innbyggjarinitiativ om oppløysing, men kommunestyret stemte mot å gå vidare med saka.

Dei andre kommunane som blei slått saman med tvang – Søgne, Fet, Skedsmo, Bindal, Leka, Vikna, Balestrand, Leikanger, Bjugn, Ørland og Spydeberg – har ikkje hatt nokon prosessar om å løyse seg opp.

Omstridd reform
Kommunereforma kom i 2020 med Høgre, Frp og KrF i regjering og møtte sterk kritikk frå opposisjonspartia for bruken av tvang for å slå saman kommunar.

Då Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjekk i regjering etter stortingsvalet i 2021, stod det i Hurdalsplattforma at regjeringa ville «løyse opp tvangssamanslåtte kommunar som sender søknad etter vedtak i kommunestyret innan 1. juli 2022.». Seinare har fristen for å søke om deling blitt endra til 1. mars 2022.

Kommunalpolitisk talsperson i Høgre, Mudassar Kapur, seier at når så få tvangssamanslåtte kommunar no har prosessar om å løysast opp, er det eit teikn på at kommunereforma har vore viktig.

– Det viser òg at folk ser reforma gjer det mogleg å skape betre tenester, større og meir robuste kompetansemiljø. Desse kommunane får til meir som større kommunar enn når dei står kvar for seg, seier Kapur til Nynorsk pressekontor.

Høgre: – Klar tilbakemelding
Kapur meiner også det er ei tilbakemelding frå lokalpolitikarane og innbyggjarane i kommunane om at dei ikkje vil bli med i «reverseringsjaget» til Senterpartiet.

– Dette viser at det populistiske råkøyret Vedum har halde på med, er feil. Her får han klar tilbakemelding frå landets lokalpolitikarar og innbyggjarar om at dei heller vil utvikle betre tenester og kompetansesenter enn å bli ein del av reverseringsjaget han freistar til.

Ap: – Tek lokaldemokratiet på alvor
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) vil ikkje gi si meining om talet på kommunar som så langt har prosessar om å løyse seg opp. Han seier Kommunal- og distriktsdepartementet driv ei opprydding etter Høgre sin bruk av tvang på lokaldemokratiet som han meiner det har vist seg nødvendig å leggje til rette for.

– Ti kommunar og fire fylkeskommunar som blei slått saman med tvang har fått brev frå meg der vi opnar for at dei kan søkje om oppløysing. Fleire av desse gjer vurderingar, og ein del har konkludert med at dei ikkje ønskjer å løysast opp. Det er deira val, og dette viser at vi tek lokaldemokratiet på alvor, seier Gram til Nynorsk pressekontor.

Han legg også til at dei tvangssamanslåtte fylkeskommunane Troms og Finnmark og Viken har prosessar for å løyse seg opp.

– Dette er ikkje eit reverseringsjag. Vi legg til rette for at dei som ønskjer å løyse seg opp frå maktbruken som blei brukt, og stiller opp økonomisk for dei om dei ønskjer det.

NIVA-forskar kritisk
Geir Vinsand i NIVI Analyse har følgt utviklinga av kommunane i Noreg tett. Han er kritisk til kommunereforma til den Høgre-leidde regjeringa og seier det var meir ein geografireform, der store kommunar blei etablerte utan å bli tildelt nye roller for å løyse dei lovpålagde oppgåvene sine betre.

– Desse kommunane blei lova meir interessante oppgåver og mindre statleg kontroll, men det ligg ikkje planar for å levere på det, seier Vinsand.

Han er likevel ikkje overraska over at så få kommunar som blei slått saman med tvang, har søkt om oppløysing. Han er heller overraska over at så få kommunar som blei slått saman frivillig, ikkje har gjort det. For kommunereforma blei gjennomført utan ein plan for kva roller kommunane burde ha, seier Vinsand. Dette gjer at dagens kommune- og fylkesinndeling ikkje er berekraftig, korkje kortsiktig eller langsiktig.

– Har gjort regionreforma til eit makkverk
No ser NIVA-forskaren det same skje i reverseringsplanane.

– Det som har gjort regionreforma til eit makkverk, er dei politiske prosessane. Og når det blir reverseringar, vil det bli fleire av desse prosessane, som vil vere like dysfunksjonelle og gjort på like dårleg diskusjonsgrunnlag.

– Vi kan ikkje gjennomføre strukturreform som ein konsekvens av at no har det gått så lang tid at vi må gjere det. Reformene må vere målstyrte på å gjere lokaldemokratiet sterkare

Høgre ueinig i kritikken
Kapur i Høgre er ueinig i kritikken frå Vinsand om at kommunereforma var laga utan plan.

Han meiner kommunane har fått nye oppgåver som gjer at dei er sett i stand til å løyse dei lovpålagde oppgåvene sine betre. Han meiner òg bruken av interkommunale tenester var for høg i fleire av kommunane, noko som blei løyst ved å slå dei saman.

– Det er ikkje lenge sidan reforma kom på plass. Dette treng tid. Det eg høyrer frå lokalpolitikarane er at dei ønsker å halde fram utviklinga i kommunane dei har blitt. Å bruke pengar på reverseringar er å løyse morgondagens utfordringar med gårsdagens løysingar, seier Kapur.

(©NPK)

Publisert: 10.02.2022 14:43

Sist oppdatert: 11.02.2022 12:01

Mer om