Sunnmørsbadet innfelt karl petter sortehaug 11
SUNNMØRSBADET: Dagleg leiar Karl Petter Sortehaug er godt fornøgd med besøket ved Sunnmørsbadet i Fosnavåg. Foto: Sunnmørsbadet/Kjetil Haanes
Nytt

75.000 besøkte Sunnmørsbadet

Høge straumutgifter trekte ned, men det er det no ordna opp i.

25.07.2022

- 75.000 besøkande er ikkje verst med tanke på covid. Vi hadde også stengt seks veker i 2021.

Det seier dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørbadet i Fosnavåg til NETT NO.

Selskapet omsette i fjor for 12,2 millionar kroner, og hadde etit resultat før skatt på minus 0,2 millionar kroner.

Sunnmørsbadet Fosnavåg
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 12,2 12,2
Driftsresultat 0,2 1,7
Resultat før skatt -0,2 1,2

Skifta ut gamalt anlegg
Sortehaug seier at ein i 2021 hadde eit godt år med god kostnadskontroll på det meste, men med eitt unntak.

Selskapet betalte nemleg 1,4 millionar kroner i straum i fjor, over ein halv million meir enn året før.

- Vi har skifta ut det anlegget som var att etter det «gamle» bassenget frå 2004. Her gjekk det for mykje straum slik at dette no er skifta ut med moderne digitale anlegg med sentral styring, seier Sortehaug.

Redusert gjeld
Sunnmørsbadet vart opna i 2015. Hovedaksjonær er Herøy kommune, med 54,4 prosent av aksjane. Resten er fordelt mellom Havila Holding og Olympic Eiendom med kvar 15,6 prosent, samt Herøy Revmatikarlag og Herøy Sanitetsforening med kvar 7,1 prosent.

Eigenkapitalen er på minus 1,2 millionar kroner, og langsiktig gjeld på 37,6 millionar.

Sortehaug minner om at gjelda ved opninga var over 78 millionar.

Fleire badeland
Han meiner at Sunnmørsbadet har fått eit godt grep om kundane, der rundt 65 prosent er tilreisande. Mange av desse bestiller også badepakke saman med Thon Hotel Fosnavåg.

- Det har også opna tre store badeland sidan vi opna, så 75.000 besøkande er bra.

Publisert: 25.07.2022 14:24

Sist oppdatert: 25.07.2022 13:52

Mer om