80 aar og framleis paa hogget
80 ÅR: Steinar Reiten, Ola Grytten og Kjersti Kleven (alle innfelt) fortel om sine inntrykk av Per Sævik. Jubilanten sjølv skal vere lei seg for at det ikkje blir skikkeleg kakebord, grunna omsynet til smittevern under feiringa ved konserthuset i Fosnavåg for Havila-tilsette, familie og venner tysdag.
Nytt

80 år og framleis på hogget

Ein konkurrent, ein økonomiprofessor og ein stortingsrepresentant fortel om sine erfaringar med 80-årsjubilanten Per Sævik - og kva dei meiner er styrkane hans.

Marius Rosbach
14.12.2020

Tysdag fyller Per Sævik 80 år. Nestoren i det sunnmørske næringslivet er framleis svært aktiv, mellom anna som dagleg leiar av familieselskapet Havila Holding i Herøy. Til saman er veteranen oppført med 47 roller i ulike verksemder ifølgje Brønnøysundregistera. Kring 40 av dei er ulike styreverv.

Den formelle eigarskapen er i stor grad overført til borna, Njål, Hege og Vegard, men det er ingen tvil om kven som først og fremst styrer skuta i familien frå Sævikane på Remøya.

NETT NO har spurt tre personar, økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten, tidlegare Kleven-eigar Kjersti Kleven og stortingspolitikar Steinar Reiten i Kristeleg Folkeparti om deira forhold til Per Sævik.

«Vanvitig dyktig» på feltet
Ola Honningdal Grytten som er professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole, omtalar verksemda som 80-åringen står bak, som eit «eventyr». Han minner om at Sævik tidleg starta som fiskeskipper.

– Dei som kjenner han, seier at han var «vanvitig dyktig» på feltet, fortel Grytten til NETT NO.

Då Per Sævik var kring 25 år, låg dei utanfor Newfoundland og hadde fått lite fangst. Veret hadde vore dårleg i fleire dagar, men då søndagen kom, klarna det opp.

– Spørsmålet var om dei skulle fiske eller ha helgefred. Han valte det siste, noko mannskapet også skal ha sett pris på. Det er Per i eit nøtteskal, og ei historie eg synest beskriver han godt. Han har vel også sagt at det var mellom hans mest vanskelege avgjersler, fortel Grytten lattermildt.

– Blei eit forbilde
Økonomiprofessoren påpeiker at Sævik også var mellom dei som gjorde det bra då fiskeriflåten blei strukturert på 1970-talet. Då oljeservice dukka opp som ei moglegheit var han mellom dei som var tidleg ute.

– Han blei eit forbilde for andre reiarar i offshore, ikkje minst i i Herøy, men også i landet elles, seier Grytten.

Verksemdene til Sævik-familien har vakse seg store på kombinasjonen fisk og offshore. I løpet av fire tiår har Sævik bygd opp tre offshoreselskap, Havyard-konsernet og ei betydeleg portefølje med eigedomar. I tillegg har familien dei siste åra sikra seg kontroll i Fjord1 og bygd opp ei reiselivssatsing der drifta av den tradisjonsrike kystruta står sentralt.

I dag har familien kring 3000 menneske i arbeid gjennom dei ulike selskapa.

To lærdommar av nedturane
Per Sævik har også vore med på store svingingar. Jubilanten har sjølv sagt at krisa i tankskipflåten på 1970-talet er det einaste som kan samanliknast med nedturen reiarlaget har vore gjennom dei siste åra.

Grytten trekker fram to ting han meiner Per Sævik har lært av nedturane.

– Det eine er at han må ha tillit. Det gjeld både hos kreditorar, tilsette og marknaden. Han tek personleg ansvar og gir tillit til at han vil gjere alt han kan - både for å gjere opp for seg, og for at dei tilsette skal få behalde jobbane sine, seier han.

Den andre tingen Grytten trekker fram er breidde i porteføljen, som gjer at risikoen er spreidd på fleire næringar.

– Om det går dårleg i ei næring, så har han fleire bein å stå på. Både det å ha breidde og skape tillit er noko han har lært av sitt store forbilde Hans Nielsen Hauge, meiner Grytten.

Færre familiebedrifter igjen
Grytten seier at Sævik også har viljen til å ta risiko til felles med Hauge.

– Per har vore villig til å ta veldig stor risiko, og det var også typisk for Hans Nielsen Hauge. Han hadde mindre enn fire prosent eigenkapital, medan det på den tida var vanleg med kring 70 prosent, påpeiker han.

– Samtidig som Per har teke sjansar, har han vore forsiktig ved at han har spreidd risikoen, legg Grytten til.

Professoren meiner etikken og forretningsfilosofien til Sævik og familien kan vere ei rettesnor for mange i forretningslivet, ikkje minst i dei klassiske familieverksemdene.

– Det er også noko som har vore i ryggmargen til mange av desse familiebedriftene. Men i den seinare tida, så har vi sett at mange har selt seg ut. Anten fordi dei har vore tvungne, eller fordi dei har vore meir freista av å sette pengane i aksjar, og kanskje kjøpe store båtar, bilar og hus, seier Grytten.

På Sunnmøre har det dei siste åra vore fleire oppkjøp av det som tidlegare var familieeigde selskap, med Stokke og Mørenot som to døme.

– Men Per er framleis innovativ og satsar mot nye marknader i ein alder av 80 år. Slik sett burde han absolutt vere eit forbilde framleis, avsluttar Grytten.

Konkurranse og samarbeid i generasjonar
Kjersti Kleven sine band til jubilanten går generasjonar tilbake. Faren hennar leia Kleven-verftet då dei i 1966 bygde fiskebåten Artus til Per Sævik sin far, Arthur K. Sævik.

– Dei utvikla eit godt forhold som også resulterte i fleire kjøksmeisteroppdrag for far i Sævik-familien, fortel Kjersti Kleven til NETT NO om familieforholda.

På 2000-talet har Kleven bygd tre båtar for Havila, Havila Tigris, Havila Tampen og Havila Princess, men som leiar av familiebedrifta har Kjersti Kleven først og fremst opplevd å vere ein konkurrent til Per Sævik sine verft.

– Har visst kva han ville
Før Kleven-familien miste eigarskapet til verftet, møtte Kjersti Kleven også Per Sævik til diskusjonar som ein mogleg partnar.

– Det er vel ingen hemmelegheit at han har vore involvert i diskusjonar i fleire samanhengar når det gjeld Kleven. Då har han vore veldig profesjonell og han har visst kva han ville, seier ho.

Per Sævik sjølv brukar gjerne seie at han har hastverk, men Kjersti Kleven opplever han ikkje slik.

– Eg meiner noko av det som er grunnen til at han har fått til alt han gjort, er at han tek seg godt tid. Han er god til å «pumpe» både motpartar og medspelarar for informasjon, seier ho lattermildt:

– Og du veit; Per Sævik blir ikkje med andre på store investeringar, det er du som blir med han, seier ho og ler.

Mest imponert over breidda i satsinga
Noko av det Kjersti Kleven sett mest pris på med jubilanten er at han har turt å vere ærleg om feiltrinna sine. Herøy-reiaren har fleire gonger teke sjølvkritikk for korleis han sjølv og bransjen bestilte for mange båtar og bidrog til å forsterke krisa i oljeservice.

– At han har evna å ta sjølvkritikk har vore befriande i den tøffe perioden som bransjen har vore gjennom. Det å innrømme feil, er også viktig for å kunne lære av dei, påpeiker ho.

Kjersti Kleven fortel at det som kanskje har imponert ho mest, er å sjå breidda i verksemdene til Sævik og familien dei siste åra.

– Det er beundringsverdig å sjå den breie satsinga Havila-konsernet har gjort med heilt nye marknader og bransjar. I tillegg kombinerer dei reiseliv og den maritime kompetansen i ei satsing som Kystruten. Det blir spennande å følgje det vidare, seier ho.

Overført kunnskap til nye næringar
Kjersti Kleven meiner Sævik har betydd mykje for regionen ved at han gjennom verksemdene har overført kunnskap og arbeidsplassar til nye bransjar i takt med utviklinga.

– Han har teke kompetanse på eitt område og utvikla det vidare. Det går heile vegen frå fisk til offshore, og no spelar også Sævik-familien ei sentral rolle i å ta kompetansen frå offshore, vidare nye marknader, påpeiker Kjersti Kleven.

Ho meiner han også har nytta politikarerfaringa si godt, som han er omtrent åleine om i bransjen.

Sparringspartnar for KrF-Reiten
Per Sævik har vore både stortingsrepresentant og ordførar for Kristeleg Folkeparti i heimkommunen.

Steinar Reiten som i dag representerer Møre og Romsdal på Stortinget, omtalar Sævik som eit ikon for maritim næring, og ein av partiet sine viktigaste støttespelarar i fylket.

Reiten fortel at han personleg har hatt mykje nytte av samtalar med veteranen, når ein «enkel ungdomsskulelærar» opp gjennom åra har vore nøyd til å sette seg inn i kompliserte saker.

– Eg har sett stor pris på å ha Per Sævik som ein person eg kan vende meg til i viktige næringspolitiske spørsmål. Vi har hatt ein del kontakt i denne perioden der han har bidrege med gode råd og rettleiing, fortel han til NETT NO.

Leiarrolle blir lagt merke til
Stortingspolitikaren peiker på at Sævik-familien gjennom Havila Kystruten har bestilt skip som vil ligge ei båtlengd føre dei fleste når det gjeld å ha låge utslepp.

– No blir det jobba med å utvikle løysingar for hydrogendrift som gjer det mogleg for kystruteskipa å segle lengre avstandar med den teknologien. Det blir lagt merke til at dei tek ei slik leiarrolle med å ta skipsfarten inn i det grøne skiftet, legg Reiten til.

Kristeleg Folkeparti-politikaren peiker også på at gudstrua har spelt ei sentral rolle i forretningsverksemda til Sævik. Han er ein uttalt tilhengar av Hans Nielsen-Hauge og står i spissen for det årlege Haugeseminaret i heimkommunen.

– Per står i den tradisjonen med en forretningsfilosofi der ein med basis i ei enkel og solid gudstru, bidreg til å etablere arbeidsplassar til beste for lokalsamfunnet. Eg deler den fascinasjonen for Hauge, og respekterer han svært høgt for det han har og familien har fått til, seier Reiten.

– Framleis på banen
Reiten trekk også fram korleis Sævik har vore open om feiltrinna sine.

– Det er også ein eigenskap som blir lagt merke til; at han ikkje nøler med å gå offentleg ut og ta sjølvkritikk. Han har vore tydeleg på at både han og næringa har gjort nokre val som har slått hardt tilbake på dei. Men sjølv i ein alder av 80 år, er han framleis på banen, seier Reiten – som avsluttar med å ønske jubilanten til lukke med dagen.

Havila Holding eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media - utgivarselskapet bak NETT NO.

Les også: Havila satsar nye millionar etter underskott

Inntektene krympa med 40 prosent for Havila Holding

Sævik trur det som er nede, kjem opp

– Det har vore utruleg mange nedturar i løpet av desse åra


At han har evna å ta sjølvkritikk har vore befriande i den tøffe perioden som bransjen har vore gjennom. Det å innrømme feil, er også viktig for å kunne lære av dei

Publisert: 14.12.2020 05:55

Sist oppdatert: 28.05.2021 10:30