Aakre satsar paa AE
OPPDRETTSBRANSJEN: Vekstpotensialet er største for fritidsplagg, men det er arbeidskle og flyteplagg frå Aalesund Oljeklede, Strakofa og Regatta som er den store inntektskjelda for Aalesund Protective Wear. I førre veke var dagleg leiar Peter Harald Aakre på Aqua Nor-messa i Trondheim for å treffe kundane i oppdrettsbransjen. Aakre kjøpte Aalesund Oljeklede i 2005 og Strakofa to år etter. I 2014 kom Blæst inn i selskapet og i 2017 Regatta.
Nytt

Aakre satsar på Æ

Etter at Aalesund Protective Wear tok over varemerket Blæst er salet dobla, og Peter Harald Aakre trur på meir vekst.

27.08.2019
Blæst står i dag for omlag 10 prosent av driftsinntektene til Aalesund Protective Wear, men det er her Aakre meiner vekstpotensialet er størst. Aakre er eigar og dagleg leiar i selskapet.
Grunnen er mellom anna sjansen for å vinne innpass i utlandet.
Der Aalesund Protective Wear sine andre varemerke - Aalesund Oljeklede, Strakofa og Regatta - er retta inn mot hard bruk i arbeids- og friluftsliv skal Blæst-plagga halde regn og vind ute når du er på veg til kontoret, spaserer i byen eller går i butikken.

Deler i to

Blæst var opphavleg eit varemerke berre retta mot kvinner.
No er kolleksjonen utvida med plagg også for menn, og dei fargerika plagga som har slått spesielt godt an i utlandet blir skilt ut som eit eige varemerke, Æ Rainwear.
- Vi splittar Blæst i to, seier Aakre.
Æ Rainwear-kolleksjonen har ein eksportandel på omlag 45 prosent.

Kjøpte Regatta

I 2017 kjøpte Aalesund Protective Wear Regatta, som lagar redningsvestar, flytevestar og flyteplagg retta mot både den profesjonelle marknaden og fritidsmarknaden.
Med kjøpet av Blæst og Regatta, i tillegg til vekst for Strakofa og Aalesund Oljeklede-produkta har Aalesund Protective Wear meir enn dobla driftsinntektene på tre år, frå 73 millionar kroner i 2015 til 160 millionar kroner i 2018.
Strakofa og Aalesund Oljeklede sto for over 60 prosent av driftsinntektene i fjor, Regatta i overkant av 20 prosent.

Aakre vil vekse vidare, om enn ikkje same takt.
- Vi skal vekse på alle felt, men vi skal vekse kontrollert, seier han.

30 tilsette

I dag har Aalesund Oljeklede 30 tilsette, med hovudkontor og anlegg i Vatne.
Plagga blir produsert hos i alt 11 produsentar, omlag likeleg fordelt mellom Asia og Europa. Kortare leveringstid frå fabrikkar i Europa kombinerte med stigande kostnadar i Asia har gjort at ein aukande del av plagga blir produserte i Europa.
Vi skal vekse på alle felt, men vi skal vekse kontrollert

Publisert: 27.08.2019 12:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38