Torsdag var det klart for den årlege Leverandørkonferansen i Ulsteinvik. Konferansen blir arrangert av Hødd fotball og kunne i år markere 25-årsjubileum.
I år - som i fjor - var det berre ei kvinne som gjekk på scena for å halde innlegg. Steinar Hauge i arrangementskomiteen fortel at det ikkje har stått på innsatsen.
– Vi har verkeleg jobba for å få fleire kvinner til å stille opp. Dessverre har det vore vanskeleg å få til, fortel han til Nett No.
Hauge fortel at arrangementskomiteen har bestått av tre personar - to menn og ei kvinne.

Ein mannsdominert bransje
I fjor var konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group einaste kvinne på scena. I år var det NHO-direktør Lene Trude Solheim i Møre og Romsdal som var einaste kvinne av 15 innleiarar.
Ho meiner kjønnsbalanse er eit viktig tema, men forstår at det kan vere ei utfordring når ein inviterer ein mannsdominert maritim bransje til konferanse.
– Det finst ikkje så mange kvinnelege bedriftsleiarar i bransjen, men kanskje kan ein finne andre frå leiargruppene. Der kan det vere kvinner som bidreg med sine perspektiv og innsikt, seier Solheim til Nett No.
Oppmodar til å tenke breiare
NHO-direktøren oppmodar naturleg nok også fleire kvinner til å ta utfordringa om ein blir spurt om å delta på konferanse eller i andre samanhengar.
Solheim fortel samtidig at ho ikkje har høyrt om tilsvarande problem hos andre arrangørar.
– Kanskje kan ein tenke breiare både når det gjeld kven som sitt i arrangementskomiteen og kva tema som blir teke opp, seier ho.
– Kan gi eit skeivt tyngdepunkt
Som ulsteinvikar kjenner Solheim godt Hødd-miljøet frå innsida.
Ho understrekar at klubben gjer mykje positivt for lokalmiljøet – men påpeiker at det gjennom mange år har vore herrefotballen og A-laget som har fått mest merksemd.
– Det er mykje gode kreftar i det, og som har skapt heltar i bygda. Men det er også ein kultur som kan gi eit skeivt tyngdepunkt. Desto meir gledeleg er det å sjå at det har vore ei vesentleg større satsing på damelaget, legg ho til.
Publisert: 08.05.2025 14:15
Sist oppdatert: 08.05.2025 14:15






