Espen Remme
OPTIMIST: Styreleiar Espen Remme i Varda Care seier selskapet budsjetterer med ni millionar kroner i inntekt i år. Selskapet vart stifta i 2020 og inntektene byrja å kome i 2024. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Fekk fart på salet

Helseteknologiselskapet Varda Care selde for rundt fem millionar kroner i fjor og venter nesten dobling i år.

08.05.2025

Varda Care starta som ein ide hos hovudaksjonæren og Helland Møbel-eigar Helland Eiendom, om å plassere ein sensor i stolar. Sensoren skulle registrere helsetilstanden til den som sat i stolen, og sende varsel til til dømes pårørande eller heimesjukepleien om det var behov for hjelp.

I 2020 skilde Helland Møbel ut velferdsteknologisatsinga si ieit eige selskap, og fekk fleire investorar med på satsinga.

Det er det selskapet som no er Varda Care, og sensorteknologien er utvikla for bruk i både stolar, senger og sofaer.

Vegen fram til eit kommersielt produkt vart lenger enn selskapet først hadde sett for seg, og Varda Care har gjennomført fleire kapitalutvidingar for å finansiere verksemda. I siste kapitalutviding, i 2024,  auka mellom andre Rieve Kristiansen-familien, Langøy-familien, Arild Aarvik og Kaj Bang Westre sin eigarandel. 

Vendepunkt i fjor
2024 vart også eit vendepunkt i marknaden. 2024-rekneskapen er ikkje offentleg enno, men styreleiar Espen Remme seier inntektene blei omlag fem millionar kroner. 

I år er budsjettet eit sal på ni millionar kroner og Varda Care ventar at selskapet mot slutten av året skal ha ein positiv kontantstraum, altså at det kjem meir pengar inn i kassa enn det går ut, ifølgje Remme. 

– Vi er i ei kommersialisering- og vekstfase, med god utvikling, seier han.

Samarbeidsavtale
Per i dag er omlag 400 Varda Care-sensorar i drift.

– Eg opplever av 2024 vart eit år der produktet leverer, der fleire kundar - både sjukehus og heimesjukepleien har tatt det i bruk, seier Remme.

I fjor haust inngjekk Varda Care ein sal- og distribusjonsavtale med Hepro, eit selskap som sel og distribuerer ei rekkje hjelpemiddel og helse- og velferdsteknologiprodukt. 

Publisert: 08.05.2025 11:53

Sist oppdatert: 08.05.2025 11:53

Mer om