Advokatbransjen er i vekst på Nordvestlandet, og spesielt i Ålesund. No kan det bli enda fleire.
Både Øverbø Gjørtz og Sands er i desse dagar på jakt etter fleire tilsette, og begge er opne for å tilsette fleire.
– Vi ønsker å tilsette to til fire advokatar i løpet av første halvår i 2025. Kor mange det faktisk blir, kjem i stor grad an på kven som søker. Det sentrale for oss er å få tak i advokatar som har den kompetansen vi har behov for, og som vi trur vil passe godt inn hos oss, skriv dagleg leiar og partnar Sturla Dalhaug i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz i ein e-post til Nett No.
Dalhaug presisere at kor mange som blir tilsett i denne omgang, kjem an på kvalifikasjonar og fagområde til søkjarane. Han ser for seg at selskapet vil auke til 35-40 advokatar/-fullmektigar på litt sikt.
Vekst
Øverbø Gjørtz er det største advokatselskapet på Nordvestlandet, med 29 advokatar og advokatfullmektigar per i dag. Dei største kontora er i Ålesund og Molde, men selskapet har og kontor i Ørsta og Kristiansund.
I 2023 hadde selskapet 64,1 millionar kroner i driftsinntekt og kom på 44. plass i Kapital si rangering over dei 100 største advokateselskapa i Noreg.
På nettsida til selskapet fortel Dalhaug at førebelse tal viser ein vekst på 17 prosent, til over 75 millionar kroner i 2024.
Skal ha forretningsadvokatar
Øverbø Gjørtz driv både med forretningsjus og straffesaker og oppdrag for privatpersonar. I denne omgangen er det personar som kan jobbe med forretningsjus som står øverst på ønskelista.
«Vi er særlig interessert i kandidater med noen års erfaring innen forretningsjuss eller eiendom», skriv selskapet på si nettside.
Også advokatfirmaet Sands sitt kontor i Ålesund skal utvide med fleire forrretningsadvokatar.
Erfaring med, eller interesse for, oppkjøp, samanslåingar, selskapsrett, næringseiendom, fiskeri og havbruk, entreprise og/eller shipping, er det selskapet ser etter, ifølgje nettsida til selskapet.
I dag har kontoret i Ålesund tre tilsette, leia av Sands-partnar Maria Elena Kvalen. Ho seier det same som Dalhaug. Kor mange som blir tilsett no kjem an på kvalifikasjonar og fagområde.
Også Sands ønskjer å vekse seg større på lenger sikt.
-Sands er i ein spanande fase med vekst og utvikling både lokalt og nasjonalt. Vi har ikkje sett eit konkret tak på talet på nytilsetjingar, og er meir opptekne av å finne dei rette personane som kan bidra til vår vidare vekst. I dag er vi tre advokatar på kontoret i Ålesund som jobbar tett med våre kollegaer nasjonalt, og vi ser fram til å utvide teamet med fleire dyktige og engasjerte kollegaer, seier Kvalen.
Attraktivt
Advokatmiljøet i Ålesund har blitt så stort og attraktivt at det også trekkjer til seg folk utan tilknytning til Nordvestlandet før.
I Nett No-magasinet 2024, som kom ut i november, skreiv vi mellom anna om jus-student Ingrid Jakobsen frå Asker som kom til Ålesund for å arbeide som advoktatrainee hos advokatfirmaet Kvale, utan å ha sett sin fot i byen før.
– Eg blei overraska over kor mange advokatkontor det er her. Eg visste ikkje at det var så mange, sa Jakobsen.
Publisert: 20.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 20.01.2025 08:39