Onsdag var siste dag i ankesaka i søksmålet etter Kleven-konkursane i Gulating lagmannsrett i Bergen.
Dommar Arild Oma kunne ikkje garantere at retten ville ha ein dom klar innan fristen på fire veker, men meinte det ikkje ville gå mykje lengre tid.
Den tidlegare verftseigaren og styreleiaren Tomislav Debeljak er saksøkt av konkursbuet for drygt 135 millionar kroner, saman med forsikringsselskapet som hadde styreforsikring til forretningsmannen.
Då dei saksøkte sine advokatar avslutta sin prosedyre onsdag langa dei ut mot både bankar og konkursbuet.
Eit mykje omtala skjebnemøte 23. juni 2020 vart igjen eit sentralt tema. Debeljak sin oppførsel i her var den direkte årsaka til at bankane bestemte seg for å seie opp låna.
– Sentralt i buet sin framstilling, er at Debeljak er erstatningspliktig ut frå sin deltaking i dette møtet. Det er i so fall det dyraste møtet «ever», sa advokat Karl Rosén
Dei krev frivinning i søksmålet.
Meiner bankane burde teke «ein fot i bakken»
Medan bankane meiner dei ikkje hadde anna val enn å seie opp låna med verftsselskapa – som førte til konkursane få dagar seinare – meiner dei saksøkte sine advokatar bankane burde teke «ein fot i bakken».
Det er eit syn tingretten delte då dei frifann dei saksøkte i førre rettsrunde hausten 2023.
Advokat Rosén minna om at det var eit møte som «gikk helt av skinnene», og blei avslutta etter ein verbal konfrontasjon mellom Debeljak og ein av advokatane.
Meiner bankane braut god forretningsskikk
Han viste til at bankane sine advokatar sjølv på tidspunktet hadde notert at bodskapen frå Debeljak «ikkje gav meining» og at det var «uklart» kva som var blitt fortald i møtet.
– Det blir likevel trekt bastante konklusjonar – og det er nettopp problemet, sa Rosén i retten onsdag.
Han meiner bankane braut god forretningsskikk då dei sa opp låna, og la vekt på at avgjerda blei gjort munnleg, utan ei «saksbehandling i ordets rette forstand».
– Konsekvensane for Kleven-verftet står ikkje i forhold til den enkle vurderinga som verkar vere gjort av bankane, la han til.
Div Group kom inn som Kleven-eigarar i 2020, og allereie etter få månader var tre verftsselskap konkurs og fleire enn 400 arbeidarar stod utan arbeid.
- NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.

Meiner Debeljak måtte vente låneoppseiing
Frå konkursbuet si side repliserte advokat Morten Valen Eide at dei meiner termineringa til bankane var i tråd med tråd med god forretningsskikk.
Han meiner misleghaldet av låneavtalane allereie var skjedd – og varsla om – og at Debeljak difor måtte vente at det var ein sannsynleg konsekvens av oppførselen hans i møtet.
Eide meiner lagmannsretten har fått lagt fram bevis på at motivet til den nye kroatiske verftseigaren ikkje var å betale forpliktingane sine – men i staden kome seg ut av avtalen Div Group hadde inngått om Kleven-eigarskapet.
Publisert: 30.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 29.01.2025 19:35