Onsdag forklara burevisor Arnfinn Fardal seg i søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven-verftet i Gulating lagmannsrett i Bergen.
Forretningsmannen Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Try er saksøkt av konkursbuet etter tapa til verftsselskapa som gjekk over ende sommaren 2020.
Kroaten blei frifunne i tingretten.
Burevisoren har laga rapporten som store delar av søksmålet til konkursbuet baserer seg på – og som dei saksøkte sine advokatar har vore kritiske til.
Tok sterk avstand frå skuldingar
Under spørsmåla frå dei saksøkte sin advokat Karl Rosén reagerte Fardal på antydingar om at han skal ha teke parti mot dei kroatiske verftseigarane.
– At vi er forutinntatt når vi skriv rapporten vil eg ta sterkt avstand frå. Vi har ingen verken vinning eller interesse i å ta part i saka. Heile vår jobb som revisor er å kartlegge faktum og rapportere på faktum, basert på det vi ser og dei vurderingane vi gjer, sa Fardal.
Advokat Rosén spurte om det dette også var ein revisor sin plikt ifølgje reglane som følgjer med rolla – noko Fardal stadfesta.
– Difor vil eg ta sterk avstand frå insinuasjonen om at vi har teke parti i saka, la han til.
Skulda for å ha gått i «bekreftelsesfellen»
Replikkvekslinga kom etter at advokaten meinte burevisoren i si framstilling ga eit skeivt bilde av økonomien i Kleven-selskapa.
Tingretten omtala i sin dom hausten 2023 der dei frifann den kroatiske eigaren, at buet si framstilling om Debeljak si leiing av verftselskapa var i «liten grad nyanserte».
I tingretten skulda også advokat Rosén bustyrar Bjørn Åge Hamre for å ha gått i «bekreftelsesfellen» - ein tankefeil som går ut på at ein tolkar, og leitar etter ny informasjon, som allereie stadfestar oppfatninga ein har.
Intervjua i fellesmøte
At Div Group sine synspunkt ikkje er teke omsyn til i rapporten som søksmålet bygger på, er mellom kritikken frå bustyret. Arbeidet med rapporten bygger mellom anna på ein rekke intervju med dei involverte.
Burevisoren fortalde i retten onsdag at Div Group sine representantar blei intervjua i eit fellesmøte som «ikkje varte veldig lenge».
– Dei svara vi fekk, gjorde at det ikkje var nokon grunn til å la det vare noko lengre, fortalde Fardal.
Vurderte ikkje om bankane gjorde feil
I tingretten sin dom fekk bankane i stor grad skulda for konkursane i verftsselskapa.
På spørsmål om burevisoren vurderte om bankane hadde handla i tråd med sine forpliktingar, svara han at det gjorde han ikkje.
Burevisoren avviste óg i si forklaring at han hadde gitt noko form for anbefaling til konkursbuet om å rette eit krav om styresansvar mot Debeljak.
Publisert: 23.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 23.01.2025 00:59