Aksjonaerstrid i fleire aar
EKSTRA KOSTNAD: Trålaren Molnes hos Vard Søviknes like før den var ferdig ombygd i 2016. Ombygginga kosta meir enn planlagt og banken kravde at eigarane i Nordic Wildfish måtte stille opp med meir pengar. Det var ikkje alle med på. 
Nytt

Aksjonærstrid i fleire år

Det har vore strid mellom aksjonærane i Nordic Wildfish minst sidan 2015.

12.01.2019
I neste veke er det ekstraordinær generalforsamling i det høgt profilerte fiskebåtreiarlaget på Valderøya. Generalforsamlinga skal velje nye styremedlemar, eit val som dagleg leiar og medeigar Tore Roaldsnes reknar som eit første steg på vegen mot å skifte han ut.

Brutto verdianslag for selskapet, som har tre farty i aktivt fiske, ligg mellom 1,5 og to milliardar kroner. Minus gjelda er det snakk verdiar for mellom ein og 1,5 milliardar kroner.

Fire eigarar

Selskapet har i dag fire eigarar, Jan Harald Roaldsnes (34 prosent), Tore Roaldsnes (32 prosent), Pål Roaldsnes (31 prosent) og Arvesen as (tre prosent). Tore og Pål Roaldsnes eig sine aksjar delvis direkte og delvis gjennom eigne investeringsselskap. Jan Harald Roaldsnes er fødd i 1950, Tore Roaldsnes i 1960 og Pål Roaldsnes i 1967. Tore og Pål Roaldsnes er brør.
Det er Jan Harald Roaldsnes og Pål Roaldsnes som vil ha skifte i styret.
Ein dom i lagmannsretten frå 2018 viser at striden mellom aksjonærane i Nordic Wildfish i alle fall har pågått sidan 2015.

Sa nei til kapitalutviding

I 2015 viste seg at ombygginga av fiskebåten Molnes, som Nordic Wildfish hadde kjøpt i 2013, var blitt mykje dyrare enn planlagt. Fartyet er mellom anna utstyrt med anlegg for levandelagring av fangsten og med eit - enno ikke fullt fungerande - anlegg for utnytting av restråstoff.
Selskapet hadde behov for 40 millionar kroner i ny kapital og Sparebank1 SMN kravde at eigarane sjølve stilte opp med minst 9,9 millionar kroner for å vere med på eit lån.
Men på ei ekstraordinær generalforsamling 12. april 2016 stemte Jan Harald Roaldsnes nei til ein emisjon på 9,9 millionar kroner, i følgje dommen. Med 34 prosent av aksjane har han såkalla negativt fleirtal, som mellom anna betyr at han kan blokkere for kapitalutvidingar.

Ansvarleg lån

Etter at det blei sett ein stoppar for emisjonen, snudde Tore og Pål Roaldsnes seg mot hovudaksjonæren i samarbeidspartnaren Engenes Fiskeriselskap, Arvesen as. Resultatet blei at Arvesen kjøpte tilsaman tre aksjar - som utgjer tre prosent eigarandel - frå dei to brødrene og deira den gangen felleseigde selskap Blomvik as. Prisen var til saman ni millionar kroner, som Tore og Pål i neste omgang gav Nordic Wildfish som ansvarleg lån.
Dermed var banken fornøgd og Nordic Wildfish fekk på plass den finansieringa selskapet trengte.
Men aksjonærane var ikkje fornøgde med kvarandre.

Endra eigarskapet

I 2010 vart det gjort endringar på eigarsida og samstundes inngått ein avtale som seinare er utgangspunktet for rettsakene som enda med ein rettskraftig dom i lagmannsretten i 2018.
Jan Harald Roaldsnes, som er i slekt med Pål og Tore Roaldsnes, selde seg i løpet av 2010-2012 ned frå 50 til 34 prosent eigarandel i Nordic Wildfish. Kjøpar var selskapet Blomvik as, eit selskap eigd av Pål og Tore Roaldsnes. Jan Harald Roaldsnes selde i følgje dommen for 500.000 kroner per aksje. Tilsaman utgjorde det åtte millionar kroner.
Etter at dei hadde seld til saman tre aksjar til Arvesen as i 2016 meinte Tore og Pål Roaldsnes at avtalen frå 2010 forplikta også Jan Harald Roaldsnes til å selje seg ned, og redusere sin eigarandel tilsvarande det dei hadde gjort.
Den tolkinga av avtalen var Jan Harald Roaldsnes usamd i.
Eit slikt nedsal ville mellom anna gjere at Jan Harald Roaldsnes kom under ein tredjedel eigarskap, og dermed ville miste sitt negative fleirtal - og dermed gi frå seg makta til å hindre kapitalutvidingar.
Brørne gjekk til sak for å få gjennom at også Jan Harald Roaldsnes skulle selje, men tapte i både tingretten og lagmannsretten.

Kravde gransking

I følgje dommen var partane blitt samde om at Blomvik delvis skulle finansiere kjøpet av aksjane frå Jan Harald Roaldsnes i 2010-2012 ved å vidareselje kjølemiddelet freon til Nordic Wildfish med forteneste.
Men i 2015 blei Jan Harald Roaldsnes klar over at Blomvik heldt fram med å selje freon til Nordic Wildfish med forteneste også etter at han hadde fått betaling for sine aksjar. Han meinte den praksisen utgjorde ei tapping av selskapet og kravde gransking av selskapet. Sunnmøre tingrett oppnemnde i september 2016 advokat Erling Flisnes til å stå for granskinga.
"Gransker har dokumentert og reist kritikk mot den, i alle fall opprinnelige omforente praksis, som det tidligere er redegjort for. For øvrig er det ikke avdekket kritikkverdige forhold", heiter det om granskinga i dommen frå lagmannsretten.
I følgje dommen karakteriserer Blomvik as, Arvesen as, Pål og Tore Roaldsnes freonkjøpa frå Blomvik for som ei "marginal" tapping, medan Jan Harald Roaldsnes sitt syn på transaksjonen ikkje blir omtalt i dommen.

Endra konstellasjonar

Medan Jan Harald Roaldsnes sto åleine mot resten av aksjonærane i rettsakene i tingretten og lagmannsretten om korvidt han var forplikta til å selje seg ned, er konstellasjonane endra i dag.
No står Pål Roaldsnes på same side som Jan Harald Roaldsnes. NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar til striden i selskapet frå Pål Roaldsnes og Jan Harald Roaldsnes, og kan difor heller ikkje fortelje kvifor dei to har semjast om å ville endre styret.
Til saman har dei 65 prosent av aksjane, mot Tore Roaldsnes og Arvesen as sine 35 prosent. Dermed er det Pål og Jan Harald Roaldnes som bestemmer i styrevalet på generalforsamlinga.

Publisert: 12.01.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30