Golden Energy Fagervoll børs
OPPSVING PÅ BØRSEN: Aksjekursen i Golden Energy Offshore Services er opp 180 prosent i år. Biletet er frå markeringa av børsnoteringa i 2018. Administrerande direktør og medeigar Per Ivar Fagervoll ringer med bjella som set børshandelen i gang.
Nytt

Alle fartøy i arbeid

Golden Energy Offshore Services tek Energy Scout ut av opplag.

14.03.2022

Plattformforsyningsskipet Energy Scout er leigd ut til ein "first class international operator", i følgje børsmeldinga frå Golden Energy Offshoreservice. Fartøyet vore 16 månadar i opplag.

Skipet er utleigd til gjeldande vilkår i marknaden, heiter det i børsmeldinga frå offshorereiarlaget i Ålesund.

Med denne kontrakten er alle dei fire skipa til Golden Energy Offshore Services i arbeid. Fram til 4. kvartal i år er utnyttingsgraden for dei fire fartøya tilsaman på 90 prosent.

Les børsmelding her

Fleire oppdrag
Det er berre to veker sidan Golden Energy Offshore Services sende ut si førre melding om nye oppdrag. Då hadde reiarlaget leigd ut Energy Duchess på eit 150 dagars-oppdrag og Energy Empress på ein 100 dagars oppdrag.

Det fjerde fartøyet, Energy Swan har ein kontrakt på 12 månadar, som starta i november i fjor. Oppdragsgivaren, Repsol Norge, har opsjon på å forlenge kontrakten i ytterlegare 12 månadar.

Les også

Børsopptur
Golden Energy Offshore Services er børsnotert. Ved årskiftet 2021/2022 var kursen 0,75 kroner per aksje. Klokka 09:15 i dag, mandag 14. mars, er aksjekursen 2,10 kroner per aksje.

Det er ein auke på 180 prosent sidan årsskiftet, og 38 prosent opp sidan sluttkursen fredag 11. mars, som var 1,52 kroner aksjen.

Betre tider
Golden Energy Offshore Services er ikkje åleine om å melde om auka aktivitet i offshoremarknaden.

I førre veke rapporterte Remøy Shipping at selskapet hadde inngåtte ein ny og fem år lang avtale med Equionor , som skal leige plattformforsyningsskipet Rem Eir.

- Det er ei tydleg forbetring samanlikna med ratenivået vi har hatt, sa administrerande direktør Karl Johan Bakken om kva reiarlaget får betalt.

Havila Shipping har reversert tidlegare nedskrivingar av skipa sine og Sparebank1 SMN melder at ratane (betalinga for å leige skipa) blir høgare og utleiga avtalane lenger.

Publisert: 14.03.2022 08:50

Sist oppdatert: 14.03.2022 09:40

Mer om