Havila reverserer nedskriving av flåten
Offshoremarknaden har betra seg, og Havila Shipping reverserer tidlegare nedskrivingar av verdien på skipa sine.
Netto reversering av tidlegare nedskrivingar av Havila Shipping-flåten er på 261 millionar kroner i 4. kvartal 2021 og 235 millionar kroner for 2021 samla.
Det går fram av reknskapen pr. 4 kvartal 2021, som er lagt fram i dag.
Det er betre tider i offshore som gjer at Havila Shipping no meiner flåten er meir verdt:
"Reverseringen anses forsvarlig basert på markedsutviklingen som er mer positiv enn tidligere til tross for usikkerhet og fortsatt overkapasitet. Reverseringen anses også forsvarlig når bokført verdi sammenlignes med megleranslag for flåten på NOK 2.381 million pr. 31.12.21"., skriv Havila Shipping i kvartalsrapporten per 4. kvartal 2021.
Betre drift
Reverserte nedskrivingar medverkar til det positive resultatet i 4. kvartal, men det gjere også auken i inntektene (sjå tabell under artikkelen).
Av 22 fartøy er 17 i arbeid. Ved årskiftet hadda Havila Shipping 445 tilsette på skipa og 16 i administrasjonen.
Havila Shipping-sjef Njål Sævik seier til NETT NO at reiarlaget har tru på å få i alle fall nokre av dei fem fartøya som ligg i opplag ut i arbeid i løpet av året. Tre av dei fem skipa i opplag er lyst ut for sal.
Børshopp
Havila Shipping er børsnotert, med Sævikfamiliens holdingselskap, Havila Holding, som største aksjonær med 51 prosent av aksjane.
I dag er er aksjekursen opp 6,91 prosent samanlikna med børsslutt i går til 3,87 kroner per aksje (klokka 14:38). Det verdset selskapet til 92 millionar kroner.
I den siste 12-månadersperioden er kursen opp 30 prosent, med ein topp 1. oktober i fjor, då kursen var 8,4 kroner per aksje.
Havila Shipping ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 144,9 | 107,1 |
Driftsresultat | 248,9 | -203,9 |
Resultat før skatt | 236,8 | -2,3 |
Havila Shipping ASA | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 545,5 | 705,7 |
Driftsresultat | 191,8 | -1083,7 |
Resultat før skatt | 55,8 | 1213,3 |
Publisert: 25.02.2022 14:15
Sist oppdatert: 25.02.2022 14:57