Energy Duchess foto Golden Energy Offshore Services
MEIR JOBB: Når Energy Duchess er ferdi med dagens oppdrag ventar ei ny kontrakt på 150 dagar, med opsjon for forlenging. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Fyller ordreboka

Alle tre Golden Energy Offshore Service-skipa er fullt utleigd første halvår.

01.03.2022

Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services i Ålesund har leigd ut Energy Duchess på eit 150 dagars-oppdrag og Energy Empress på ein 100 dagars oppdrag.

Eit tredje skip, Energy Swan har ein kontrakt på 12 månadar, som starta i november i fjor. Oppdragsgivaren, Repsol Norge, har opsjon på å forlenge kontrakten i ytterlegare 12 månadar.

Med dei nye kontraktane i boks har Golden Energy Offshore Services alle tre skipa i arbeid i første halvår. I tredje kvartal er per i dag 70 prosent av kapasiteten utleigd og i 4. kvartal 60 prosent.

Verdien på die inngåtte kontraktane er på 65 millionar kroner, skriv selskapet i ei børsmelding.

Les børsmelding her

Eit fjerde skip, Energy Scout, ligg i opplag. I halvårsrapporten for 1. halvår 2021 sto det at selskapet har fått bod på skipet, men at at det er forhold utanfor bodgivar sin kontroll som gjer at det kanskje likevel ikkje vert noko av salet.

Golden Energy Offshore vart børsnotert i april 2018. I starten av februar 2019 var kursen oppe i 6,50 kroner per aksje, før den fall ned til 0,56 kroner per aksjen i oktober 2019. Med kortvarige unntak har kursen vore under ei krone aksjen sidan. Klokka 09:24 i dag er den 0,84 kroner aksjen, som verdset selskapet til 38 millionar kroner.

Publisert: 01.03.2022 09:06

Sist oppdatert: 01.03.2022 10:24

Mer om