Endúr-konsernet leverer torsdag gode tal for 2. kvartal i sin rapport for perioden.
Inntektene aukar kraftig – mykje takka vere oppkjøp. Omsetninga i 2. kvartal enda på 1690 millionar – opp frå kring 691 millionar i same kvartal i fjor.
Medrekna inntektene frå Totalbetong og VAQ som er kome innunder Endúr-paraplyen i løpet av det siste året, var inntektene i 2. kvartal i fjor på 1511 millionar.
Lønnsemda går også opp samanlikna med dei siste periodane. Driftsresultatet var på rekordhøge 101 millionar kroner etter 2. kvartal.
Også resultatet før skatt etter første halvår, viser betydeleg auke frå knappe 14 til 39 millionar kroner (sjå tabell under).
– Solid kvartal totalt sett
Endúr-sjef Jeppe Raaholt uttaler at det har vore eit «solid kvartal totalt sett». Betringane er i første rekke knytt til segmentet for infrastruktur – med unntak av denne verksemda i Sverige – der det blir teke grep for å betre lønnsemda.
Ordreinngangen totalt i konsernet er på rekordhøge 9,3 milliardar – der om lag 7,8 milliardar kjem frå infrastruktur-segmentet.
På havbruk er ordreboka på drygt 1,4 milliardar og den er venta å auke framover. Veksten er i første rekke venta å kome frå anlegg for landbasert oppdrett.
Saka held fram under
| Endúr ASA | ||
| 2. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1690,7 | 691,8 |
| Driftsresultat | 78,9 | 42 |
| Resultat før skatt | 53,8 | 23 |
| Endúr ASA | ||
| Per 2. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 2.553,8 | 1.267,6 |
| Driftsresultat | 101 | 54,3 |
| Resultat før skatt | 39 | 13,8 |
Meir å gjere i oppdrett
Endúr eig mellom anna Artec Aqua i Ålesund, som er spesialistar på design og prosjekteringa av landbaserte oppdrettsanlegg.
Etter å ha vore nede i ein bølgjedal som følgje av ordretørke i kjølvatnet av lakseskatten, er det no meir fart i denne delen av verksemda.
Inntektene i havbrukssegmentet er om lag dobla i første halvår i 2025, samanlikna med i fjor. Leveransar til Salmon Evolution sitt andre byggetrinn for sitt landbaserte anlegg på Indre Harøy er mellom årsakene til auken.
Artec Aqua-gründerane framleis størst
Trioen Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland er grunnleggarane av Artec Aqua i Ålesund.
Gjennom selskapet Artec Holding er dei framleis største einskildaksjonær i Endúr med ein eigardel på 12,65 prosent.
Publisert: 21.08.2025 10:08
Sist oppdatert: 21.08.2025 10:10






