Endúr har solid med arbeid framover og har ei rekordhøg ordrereserve. Det viser kvartalsrapporten som kom tidleg torsdag.
Ordreboka til konsernet er no oppe i heile 9,3 milliardar kroner. Meir enn halvparten av dette kjem frå selskap som er kjøpt opp i år.
Endúr eig mellom anna Artec Aqua i Ålesund, som er spesialistar på design og prosjekteringa av landbaserte oppdrettsanlegg.
Ordreinngangen i løpet av kvartalet var på drygt 1,4 milliardar, mellom anna som følgje av Artec Aqua-kontrakt til ein verdi av 600 millionar kroner med Bolaks-selskapet Sævareid Fiskeanlegg.
Hopp i omsetning etter oppkjøp
Konsernet fekk om lag dobla inntektene sine gjennom kjøp av tre nye selskap i vinter.
Proforma-tala – som inkluderer desse oppkjøpa – viser inntekter på drygt 1,5 milliardar kroner. Det er ei auke på kring 200 millionar kroner frå same kvartal i fjor.
Proforma-tala viser også ei auke i overskotet. Ebitda-resultatet auka frå 44,5 millionar til 58,8 millionar kroner.
Vil betale utbytte neste år
Endúr-sjef Jeppe Raaholt sa seg svært nøgd med utviklinga då han presenterte tala tidleg torsdag.
Han kom også inn på selskapet sin nye utbyttepolitikk, som kan gi aksjonærane gevinst frå neste år. Målet er å betale ut 20 til 40 prosent av konsernet sitt årlege nettoresultat etter skatt.
Det første utbytte er planlagt utbetalt i 2026, basert på resultatet i år.
Auka inntekter for Ålesund-selskap
Artec Aqua har som kjent vore nede i ein bølgjedal som følgje av ordretørke i kjølvatnet av lakseskatten.
No er inntektene på veg opp igjen. Selskapet si omsetning i kvartalet, bikka 100 millionar kroner – ei kraftig auke frå kring 42 millionar i same kvartal året før.
Les børsmelding (ekstern lenke)
| Endúr ASA | ||
| 1. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 863,1 | 575,8 |
| Driftsresultat | 22,2 | 12,3 |
| Resultat før skatt | -14,8 | -9,2 |
Publisert: 15.05.2025 08:31
Sist oppdatert: 15.05.2025 08:31






