Industri- og ingeniørselskapet Endúr startar ei kapitalutviding med mål om å få inn mellom 300 og 350 millionar kroner i ny eigenkapital innan børsen opnar i morgon, tysdag 11. februar klokka 09:00.
Det varslar selskapet i ei børsmelding som blei sendt ut etter at børsen stengte klokka 16:30 i dag.
Pengane skal vere med og finansiere eit større oppkjøp, av tre bedrifter, som Endúr varsla om i dag tidleg.
Framleis størst
Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland er grunnleggarane av Artec Aqua i Ålesund. Selskapet har spesialisert seg på design og prosjektering av landbaserte oppdrettsanlegg, og har mellom anna hatt og har oppdraget med dei to første byggetrinna av Salmon Evolution sitt anlegg i Indre Harøy på Romsdalskysten.
Dei tre selde Artec Aqua til industri- og ingeniørselskapet Endúr i 2021. Oppgjeret var delvis i aksjar, og gjorde at Finnøy, Flem og Fiveland sitt selskap Artec Holding vart største eigar i Endúr.
I dag varsla Endùr oppkjøp av tre nye selskap, der Endúr brukar modellen frå Artec Aqua-kjøpet, der betalinga delvis blir gjort opp med Endúr-aksjar.
I og med at det er mange eigarar i de tre selskapa som no blir kjøpt, og at dei ikkje er organisert som ei gruppe, vil Artec Holding framleis vere største einskildaksjonær i Endúr, sjølv om eigarandel går ned frå 17,47 prosent til rundt 12,5 prosent, ifølgje administrerande direktør Jeppe Raaholt i Endúr.
Oppkjøpet i dag, først og fremst av Total Betong, gjer at Endúr mellom anna styrkar satsinga på landbasert oppdrett. Medan Artec Aqua designar og prosjekterer sjølve anlegget kan Total Betong byggje fundament og bygg.
Seint i fjor avtalte Endúr også kjøp av selskapet selskapet Vaq. Det er også eit selskap som designar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg. Skilnaden på Vaq og Artec Aqua er at det første har spesialiserte seg på såkalla Ras-anlegg, der storparten av vatnet blir resirkulert medan Artec Aqua lagar gjennomstrøymingsanlegg der ei større del av vatnet bli pumpa inn og strøymer gjennom annlegget før det blir pumpa ut igjen.
Saman med varselet om nye oppkjøpet la Endúr og fram tal per 4. kvartal i dag.
Investorane på Oslo Børs sin reaksjon i dag er positiv, sett frå Endúr-aksjonærane si side. Endúr-kursen steig 4,11 prosent, samanlikna med sluttkursen i går, til 76 kroner aksjen. Det verdset Endúr til 2,9 milliardar kroner og er den høgaste kursen sidan oktober 2020.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Endúr | 76,00 | 4,11 % |
Salmon Evolution | 7,09 | 3,35 % |
Hexagon Purus | 2,97 | 3,13 % |
Hexagon Composites | 38,30 | 2,68 % |
Norva 24 Group* | 24,90 | 2,05 % |
Hofseth Biocare | 3,10 | 1,64 % |
Havila Kystruten | 0,87 | 0,35 % |
Sparebanken Møre | 100,30 | 0,30 % |
Havila Shipping | 1,47 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | 123,50 | 0,00 % |
Golden Energy Offshore Services | 19,00 | 0,00 % |
Hav Group | 5,76 | -0,69 % |
Atlantic Sapphire | 11,75 | -2,28 % |
Arctic Bioscience | 2,90 | -7,05 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 10.02.2025 13:22
Sist oppdatert: 10.02.2025 16:54