Alt om revidert nasjonalbudsjett her
Oljepengebruken opp 90 milliardar kroner på grunn av koronapandemien. Følg pressekonferansen direkte.
NETT NO/NPK_NTB: Oljepengebruken er auka nær 90 milliardar kroner - til 403 milliardar - samanlikna med nasjonalbudsjettet som Solberg-regjeringa la fram i fjor haust.
Det meste av auken skuldast ekstraordinære økonomiske støttetiltak i samband med pandemien.
Det kjem fram i nøkkeltal om revidert nasjonalbudsjett 2021, som er sendt ut før revidert nasjonalebudsjett blir lagt fram for Stortinget klokka 11:45 i dag.
Finansminister Jan Tore Sanner (H) la fram revidert nasjonalbudsjett i pressekonferanse klokka 11:00. (sjå opptak i ekstern lenke)
Ser slutten på krisa
Koronapandemien og tiltaka mot den har kosta dyrt, men no ser Regjeringa slutten på krisa. Dei aller fleste over 18 år vil ha fått tilbod om vaksinen i løpet av dei neste månadane. Det betyr også nedtrapping av støttetiltaka:
"Vi legger vekt på at midlertidige krisetiltak nettopp skal være midlertidige. Når smitteverntiltakene etter hvert fjernes, må også kompensasjonsordningene trappes ned. Vi skal legge til rette for aktivitet og omstilling slik at flere kan komme i jobb" seier Sanner i ei melding frå regjeringa.
Hittil er det brukt og foreslått brukt tilsaman 229 milliardar kroner til ulike støttetiltak i samband med koronapandemien, ifølgje Sanner.
No er det avgjerande for vekstevna i økonomien å få pengebruken ned igjen, meiner han. Dei to viktigaste måla for regjeringa er fleire attende i jobb og ny vekst i privater bedrifter.
Klikk her for å få tilgang til alle pressemeldingane frå regjeringa i samband med budsjettet
Forlenger støtteordingar
Kutta i støtteordningar kjem først litt fram i tid.
I følgje framlegget til revidert nasjonalbudsjett skal dagens kompensasjonsordninga til bedrifter som må halde heilt eller delvis stengt forlengast til ut oktober i år.
Regjeringa vil også forlenge støtta ut juni, til bedrifter som må ha folk i innreisekarantene.
Også støtteordningen for store publikumsåpne arrangementer blir foreslått forlenga, frå ut juni til ut oktober.
Meir til kommunane
Regjeringa løyver ytterlegare 7,3 milliardar kroner til koronahandtering i kommunesektoren i budsjettet i år.
– Så langt har vi sett av 16 milliardar kroner ekstra til kommunane, som skal gå til koronahandtering i årets budsjett. I revidert nasjonalbudsjett legg vi 7,3 milliardar kroner ekstra på toppen av det, slik at kommunane er i god stand til å handtere pandemien i 2021, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) til NTB.
Publisert: 11.05.2021 09:15
Sist oppdatert: 11.05.2021 12:45