Milliondryss til Atlanterhavsparken og ÅKP
Ekstraløyving til nytt senter, digital katapult og inkubatorordning i revidert statsbudsjett.
Tysdag la regjeringa fram forslaget til revidert statsbudsjett. Mellom godbitane for Nordvestlandet var ekstraløyvingar til Atlanterhavsparken på Tueneset og Ålesund Kunnskapspark (ÅKP).
Det fortel stortingsrepresentant Helge Orten (H) til NETT NO.
Atlanterhavsparken får tre millionar kroner friske pengar arbeidet med å opprette sitt Vitensenter.
Dette er ei betydeleg anerkjenning av arbeidet som er gjort over mange år ved Atlanterhavsparken
ÅKP får 1,5 millionar kroner som skal gå til arbeidet med den sokalla digitale katapulten, ei statleg ordning for nyskaping, som ÅKP er med i. Det skal også gå til inkubatorordninga for havnæringar.
– Dette er ei betydeleg anerkjenning av arbeidet som er gjort over mange år ved Atlanterhavsparken. Vi vil støtte det viktige arbeidet med vitensenteret, ikkje minst for å gjere eit godt informasjonsarbeid mot dei oppveksande generasjonane, fortel Orten.
Han påpeiker at ÅKP, i tillegg til deira arbeid på Campus Ålesund, også er ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med senteret på Atlanterhavsparken.
Opninga av Atlanterhavsparkens nye Vitensenter skjer onsdag 1. september, og er ein del av årets The North West-arrangement.
Dei neste åra blir det investert kring 15 millionar kroner for å utvikle utstillingane. Dette er langt på veg finansiert allereie ved hjelp av gåver frå næringslivet på meir enn ti millionar kroner.
Rekordbesøk i juli og det gavmilde næringslivet berga økonomien for Atlanterhavsparken i fjor. Besøksnedgangen blei difor ikke så stor som frykta i koronaåret.
Atlanterhavparken-sjef, Tor Erik Standal, kunne opplyse til NETT NO i vinter at også økonomien blei styrka.
Publisert: 11.05.2021 12:11
Sist oppdatert: 11.05.2021 12:45