Skipsteknisk hankar inn kontraktar med inuitar
Skal designe 80 meter lang fabrikktrålar til canadisk selskap.
Ålesund-selskapet Skipsteknisk har på kort tid hanka inn to designkontraktar for inuiteigde fiskeriselskap i Canada.
Den siste kontrakten er med Baffin Fisheries, eit 100 prosent inuiteigd fiskeriselskap, heimehøyrande i Iqaluit på Baffin Island.
Den nye fabrikktrålaren vil få ei lengde på 80 meter, og ei breidde på 18 meter, og vil kunne laste 1320 tonn blåkveite og rundt 930 tonn reker.
Fabrikktrålaren skal byggast av Tersan Shipyard i Tyrkia og skal leverast i februar 2024, opplyser Skipsteknisk i ei pressemelding.
Les også
Hard konkurranse
Selskapet opplyser at designkontrakten er vunne i hard konkurranse med andre designselskap, så Skipsteknisk er svært fornøgd med å sikre også denne prestisjetunge kontrakten.
Selskapet viser også til at ein gjennom nylege og pågåande prosjekt har etablert ein sterk posisjon i den arktiske fiskeindustrien i Canada. I 2017 blei «Northern Osprey III» levert til MV Osprey Ltd, og i 2020 blei «Calvert» levert til Ocean Choice International.
Ein ny arktisk fabrikktrålar er under bygging for levering til Clearwater Ocean Prawns i 2022, og i tillegg vart det i oktober flagga ny kontrakt med Qikiqtaaluk Fisheries Corporation.
Publisert: 02.11.2021 11:27
Sist oppdatert: 02.11.2021 11:42