Bilde 2021 08 06 080440
SKIPSINGENIØRAR: Hans Ove Holmøy (f.v.), Inge Bertil Straume og Bjørn-Oscar Kløvning i Skipsteknisk. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Utsette kontraktar og inntektsfall

Ålesund-baserte Skipsteknisk møtte fleire utfordringar i fjor. I år er det inngått kontrakt på både fiskebåtar og ein irsk forskingsbåt.

10.08.2021

Det opplyser dagleg leiar Hans Ove Holmøy.

Men i fjor førde koronapandemien til at kontraktar som normalt hadde vorte inngått, vart sette på vent. I tillegg vart det reiserestriksjonar, som gjorde det vanskeleg å selje inn nye prosjekt. Bruken av heimekontor reduserte til ein viss grad også effektiviteten.

Dette går fram av årsrapporten for selskapet, som måtte sjå at omsetninga for konsernet gjekk ned frå 137,5 millionar kroner i 2019 til 102,2 millionar i fjor.

Resultatet før skatt vart nesten halvert, frå 22,2 millionar til 11,3 millionar.

(saka held fram etter tabellen)

Skipsteknisk (konserntal)
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 102,2 137,5
Driftsresultat 12,9 24,9
Resultat før skatt 11,3 22,2

Nye kontraktar
Skipsteknisk måtte i første og andre kvartal i fjor permittere fleire av sine tilsette, men i andre halvår har det vore full sysselsetting, etter at selskapet har hanka innfleire nye kontraktar.

Konsernet har totalt 58 årsverk, inkludert Skan El, som driv prosjektering av elektroinstallasjonar, samt sitt tyrkiske designselskap Skipsteknisk Muhendislik. Begge dei to heileigde dotterselskapa gjekk i pluss i fjor.

Skipsteknisk hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på 45,9 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 33,8 millionar.

Hovudaksjonærar er Hans Ove Holmøy og Bjørn Oscar Kløvning, kvar med 27,7 prosent av aksjane.

Kjell Jarle Holmøy eig 16,9 prosent, Robert Teige 15,0 prosent og Karstein Teige 12,5 prosent.

Aksjonærane kunne for fjoråret dele eit utbyte på 12,0 millionar.

Publisert: 10.08.2021 12:02

Sist oppdatert: 10.08.2021 12:28

Mer om