Hans Peter Koppernæs Kenneth Lande Klokk foto Kristin
ANKAR: Styreleiar og medeigar Hans Peter Koppernæs (t.v) og resten av aksjonærane - med unntak av Jens Erik Koppernæs - stemte i 2020 for omorganiseringar i selskapsstrukturen i konsernet. Striden hamna i retten og no har selskap i konsernet anka til Høgsterett, fortel konsernsjef Kenneth Lande Klokk (t.h). Foto: Kristin Vidhammer.
Nytt

Ankar i aksjonærstrid

Aksjonærstriden i det familieeigde Koppernæs-konsernet kan gå til Høgsterett.

02.02.2022

Selskap i Koppernæs-konsernet i Ålesund ankar til Høgsterett etter å tapt mot mindretalsaksjonær Jens Erik Koppernæs i lagmannsretten.

Det fortel konsernsjef Kenneth Land Klokk i ei tekstmelding til NETT NO.

"Ankende parter er av den oppfatning at lagmannsrettens kjennelse bygger på en uriktig rettsanvendelse og anker derfor kjennelsen til Høyesterett", skriv Klokk.

Vil bli kjøpt ut
Jens Erik Koppernæs er onkel til styreleiar og medeigar Hans Peter Koppernæs. Jens Erik Koppernæs sa til NETT NO i januar i år at han ønskjer å bli kjøpt ut av konsernet.

Rettstvisten som no er i rettsapparatet har sitt utgangspunkt i fleire interne omorganiseringar - både oppsplitting og samanslåingar - i selskapsstrukturen til Koppernæskonsernet i 2020.

Jens Erik Koppernæs vil ha oppheva nokre av generalforsamlingsvedtaka og argumentererer med at vedtaka måtte vere samrøystes for å vere gyldige.

Strides om rettsak
Førebels er tvisten i rettsapparatet ikkje komen lenger enn at partane stridest om kravet om å oppløyse generalforsamlingsvedtaka i det heile kan førast for retten.

Jens Erik Koppernæs, gjennom sine selskap J.E. Koppernæs Invest og Pondus, klaga i første omgang saka inn for forliksrådet, som vedtok å innstille saka i januar 2021 fordi det var «lite sannsynlig at saken vil egne seg for videre behandling i forliksrådet».

Deretter tok han saka inn for tingretten.

Tingretten avviste søksmålet med grunngjevinga i at søksmålet var levert for seint, men lagmannsretten oppheva kjennelsen i tingretten. Det er den avgjerda selskap i Koppernæskonsernet no ankar.

Milliardkonsern
Jens Erik Koppernæs eig 17,5 prosent av konsernet, som omfattar fiskeindustri, industri-/handelsverksemd og eigedomsinvesteringar. I 2020 hadde konsernet 3,6 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 139 millionar.

Selskapet blei etablert av Hans Peter Koppernæs på 1880-talet.

Namnet på grunnleggaren har gått i arv, og i dag er femte generasjon Hans Peter Koppernæs styreleiar - og medeigar med 17,8 prosent.

Dei to andre store aksjonærane er Astrid Koppernæs 34,4 prosent og Elisabeth S. Koppernæs/Hans Peter Koppernæs (senior) med 17,8 prosent.

Publisert: 02.02.2022 08:51

Sist oppdatert: 02.02.2022 08:51