Koppernæs bygg foto marius 11
USEMJE I RETTSVESENET: Jens Erik Koppernæs, ein av aksjonærane i Koppernæs-konsernet, krev deler at den interne omorganiseringa av eigarstrukturen blir omgjort. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Mindretalsaksjonær vann fram med anke

Ein av aksjonærane vil ut av det familieeigde Koppernæs-konsernet.

07.01.2022

Jens Erik Koppernæs vil bli kjøpt ut av Koppernæs-konsernet i Ålesund. Det seier han til NETT NO.

Ønsket om å bli kjøpt ut er også bakgrunnen for ein pågåande rettstvist knytt til omorganiseringa av konsernet, i følgje Koppernæs.

Jens Erik Koppernæs eig 17,5 prosent av konsernet, som omfattar fiskeindustri, industri-/handelsverksemd og eigedomsinvesteringar. I 2020 hadde konsernet 3,6 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 139 millionar.

Familieselskap
Selskapet blei etablert av Hans Peter Koppernæs på 1880-talet.

Namnet på grunnleggaren har gått i arv, og i dag er femte generasjon Hans Peter Koppernæs styreleiar - og medeigar med 17,8 prosent.

Jens Erik Koppernæs er onkel til Hans Peter Koppernæs.

Dei to andre store aksjonærane er Astrid Koppernæs 34,4 prosent og Elisabeth S. Koppernæs/Hans Peter Koppernæs (senior) med 17,8 prosent.

Tapte og vann
Rettstvisten som no er i rettsapparatet har sitt utgangspunkt i fleire interne omorganiseringar - både oppsplitting og samanslåingar - i selskapsstrukturen til Koppernæskonsernet i 2020.

Jens Erik Koppernæs vil ha oppheva nokre av generalforsamlingsvedtaka og argumentererer med at vedtaka måtte vere samrøystes for å vere gyldige.

Det er motparten, selskap i Koppernæs-konsernet, ikkje samd i.

Strides om det kan bli rettsak
Førebels er tvisten i rettsapparatet ikkje komen lenger enn at partane stridest om kravet om å oppløyse generalforsamlingsvedtaka i det heile kan førast for retten.

Jens Erik Koppernæs, gjennom sine selskap J.E. Koppernæs Invest og Pondus, klaga i første omgang saka inn for forliksrådet, som vedtok å innstille saka i januar 2021 fordi det var «lite sannsynlig at saken vil egne seg for videre behandling i forliksrådet».

Deretter tok han saka inn for tingretten, som avviste søksmålet med grunngjevinga i at søksmålet var levert for seint.

(saka held fram under)

Koppernæs montasje Kenneth Lande Klokk fiskemel foto Tingstad ogne øyehaug 11
IKKJE BESTEMT SEG: Kenneth Lande Klokk er konsernsjef i konsernet, som har levert gode resultat dei siste åra. Han fortel at dei ikkje har bestemt seg for om dei vil anke kjennelsen i lagmannsretten. Foto: Tingstad/Ogne Øyehaug

Oppheva kjennelsen
Jens Erik Koppernæs anka kjennelsen. Frostating lagmannsrett ga Koppernæs medhald den 22. desember i fjor - og oppheva kjennelsen frå tingretten.

Blir kjennelsen frå lagmannsretten ståande kan Jens Erik Koppernæs få sitt krav om å oppheve generalforsamlingsvedtaka opp for retten.

Konsernsjef Kenneth Lande Klokk i Koppernæs-konsernet seier til NETT NO at selskapa vil nytte ankefristen til å vurdere kva som skal gjerast, og at det førebels ikkje er teke ei avgjerd.

Publisert: 07.01.2022 11:26

Sist oppdatert: 07.01.2022 11:29

Mer om