Arbeidsgruppe skal gjenvinne tapte marknadar
NYE IDEAR: Norsk verftsindustri byggjer nesten berre offshorefarty. Arbeidsgruppe skal finne ut korleis det også kan byggjast andre typar farty, slik at det ikke berre blir vedlikehaldsoppdrag på ferjene (biletet) med også nybygg frå norske verft.
Nytt

Arbeidsgruppe skal gjenvinne tapte marknadar

Norsk verftsindustri bles liv i sovande arbeidsgruppe. Skal vinne att tapte marknadar. Les kvar.

05.11.2014
Hittil i år er det offentlegjort kontrakter hos norske verft for over 17 milliardar kroner, men dei aller fleste kontraktene er offshorefarty av eitt eller anna slag.
Rolf Fiskerstarand i Fiskerstrand Verft anslår at andelen offshorefarty utgjer over 90 prosent av alle kontraktene, med god margin.
Han, og Fiskerstrand Verft, har hatt nybygg av ferjer og fiskebåtar som spesiale, men no lyser det eit blått lys for den tradisjonelle ferjebygginga. Ikkje bra for bransjen å ha alle egga i ei korg, meiner Fiskerstrand.

Møtes på mandag

Førstkomande mandag møtes styret i Norsk Industri Maritime for å blåse liv i ei arbeidsgruppe som skal arbeid for å finne tiltak som skal bidra til at det også kan byggjast fiskebåtar, ferjer, kystfraktbåtar og brønnbåtar i Noreg.
Arbeidsgruppa vart oppretta for nokre år sidan, men arbeidet stoppa av ulike årsaker opp. i følgje Kjersti Kleven, styreleiar i Norsk Industri og i Klevenkonsernet.

Miljøengasjement

Under Verftskonferansen 2014 i Ålesund, i går og i dag, onsdag 5. november, utfordra Bellona-sjef Frederic Hauge skipsverfta til å satse på meir miljøvennleg teknologi.

- Vi skal ta med miljøperspektivet, seier Kjersti Kleven.

Leitar etter finansieringsordingar

Ei av dei viktigaste oppgåva for arbeidsgruppa blir å finne fram til finansieringsordingar som kan bidra til at det kan byggast andre typar skip enn offshorefarty i Noreg.
I bransjen blir det stilt spørsmål ved om konkurransen frå utlandet alltid skjer i samsvar med regelverket for korleis styresmaktene kan støtte opp under eigen verftsindustri.
- Det er ikkje alltid vi forstår reknestykket, sa Kjersti Kleven om konkurransen frå utanlandske verft på verftskonfernsen i går.

Trur på miljøkortet

Rolf Fiskerstrand er begeistra over at det blir blåst liv i arbeidsgruppa. Han har stor tru på at miljøkortet kan bli viktig for at norske verft kan få ei finansieringsordning som gjer det råd å bygge andre type farty enn offshorefarty.
Den gjenoppliva arbeidsgruppa skal utvidast med representantar frå fagrørsla, reiarorganisasjonane og miljørørsla.
- Frederic Hauge lova meg i går at han skal bli med, seier Fiskerstrand.
Fiskerstrands innspel er at det blir oppretta ein ny finansinstitusjon etter mønster av Eksportkreditt, med med finansiering av miljøtiltak i skipsfarten som mandat.
Eit "Miljøkreditt" kan gjere det råd å finansiere bygging av meir miljøvennlege ferjer, fraktefarty, brønnbåtar og fiskebåtar, med større bruka av batteridrift, biodrivstoff og LNG, som erstatning for tradisjonelt drivstoff.
Vi skal ta med miljøperspektivet

Publisert: 05.11.2014 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38