Arbeidsloeysa har dobla seg paa ei veke
NAV-DIREKTØR: Fylkesdirektør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal. 
Nytt

Arbeidsløysa har dobla seg på ei veke

Ferske tal viser eksplosiv auke i arbeidsløysa. Fylkesdirektøren i NAV Møre og Romsdal har fleire råd til dei som er ramma.

Marius Rosbach
18.03.2020
Statistikk frå NAV viser at Møre og Romsdal har gått frå ei arbeidsløyse på 2,1 til 4,3 prosent av arbeidsstokken sidan førre veke.
I Vestland fylke auka prosentdelen frå 2,2 til 5,5 prosent av arbeidsstyrken, og tilsvarande utvikling skjer over heile landet.

Kring 3000 nye ledige

Frå denne veka har NAV starta å publisere tal for kvar veke – og dei første tala blei publisert tysdag ved 14-tida.
I reine tal har det sidan førre veke blitt om lag 3000 nye arbeidsledige i Møre og Romsdal, ifølgje oversikta på (ekstern lenke til pdf-fil).
I førre veke var det registrert 2898 heilt ledige i Møre og Romsdal. Denne veka har talet stege til 5974 personar.

NAV-direktør: – Har teke heilt av

Hovudårsaka til at tala har stege er å finne i fleire permitterte, som har stege rett til værs sidan styresmaktene sette inn tiltak for å bremse smittespreiinga av koronapandemien.
– Det har teke heilt av og vi har berre kome til tysdag, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal til NETT NO om tala: – Vi trur også det er ein situasjon som vil fortsette, seier han.
For to veker sidan - veke 10 – søkte 25 personar i Møre og Romsdal om dagpengar fordi dei var permitterte. I førre veke skaut talet til værs og enda på 770 personar. Måndag denne veka søkte 933 personar om dagpengar av same årsak.

Dette bør du gjere

Utviklinga legg naturleg nok eit kraftig press på NAV sine tenester. Fylkesdirektøren trur dei skal takle situasjonen, men oppmodar alle om å bruke dei digitale tenestene i størst mogleg grad.
– Når folk har registrert seg digital hos oss, skal dei også legge inn CV-en sin på nettstaden . Der forsøker vi vere offensive, ikkje minst med å rekruttere folk til yrker som er definert som samfunnskritiske, fortel Veland.
Førebels er det i første rekke helsepersonell ein ønskjer å få tak på. I tida som kjem trur Veland lista vil bli utvida og at det vil vere behov for folk i fleire bransjar.
– Tilsette innafor både eksport og transport kan bli sjuke, og då trengst det meir folk i desse yrka. Vi må framleis ha varer til daglegvarebutikkane og andre tenester for å sikre at ikkje næringskjeda stoppar opp. For Møre og Romsdal sin del, vil det også handle om å få fisken frå oppdrettsanlegga og vidare ut til marknaden, påpeiker han.

Desse er hardast råka

I heile landet er det registrert 84.000 fleire arbeidsledige - ei auke på 128 prosent. Tala er ikkje sesongjusterte.
Oversikta over kva for bransjar som er råka, viser at den største auken har kome innafor reiseliv og transport, serviceyrke og anna arbeid, samt butikk- og salsarbeid.
I alle desse bransjane er talet på heile ledige blitt om lag tredobla dei siste vekene – med ei bratt stigning denne veka.

Publisert: 18.03.2020 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54