Ole arne eiksund karita bekkemellom foto ogne 11
LEGEMIDDELINDUSTRI: Arctic Bioscience (tidlegare Arctic Nutrition) blei tatt opp som medlem i Legemiddelforeningen i 2018. Her er administrerande direktør Karita Bekkemellom i Legemiddeforeningen under eit besøk hos Arctic Bioscience, med dagleg leier Ole Arne Eiksund som vert. Arctic Bioscience er første selskap på Nordvestlandet som er blitt medlem i Legemiddelforeningen. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Arctic Bioscience på børs neste veke

Skal hente 250 millionar i ny kapital. Halsebakk-familien, Asbjørn Solevågseide og Vartdal-søskena er med.

16.02.2021

I ein presentasjon av selskap og kapitalutvidinga som tilretteleggarane DNB Market og ABG Sundal Collier har gjort tilgjengleg for kundar i dag står det at onsdag 24. februar er venta å vere første dag aksjar i Arctic Bioscience (tidlegare Arctic Nutrition) blir handla på Oslo Børs.

Investorar blir invitert til å skyte inn i alt 250 millionar kroner i ny eigenkapital i selskapet, som er etablert i helsekostmarknaden og utviklar ein psoriasismedisin basert på silderogn.

Planen er å bygge ein fabrikk i Ørsta, og pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere neste steg medisinske forsøk, for å få godkjent silderognproduktet som legemiddel.

Lokale medeigarare
Våren 2019 gjekk fleire investorar på Nordvestlandet inn med 46 millionar kroner gjennom selskapet Pir Invest IV i ei kapitalutviding som verdsette selskapet til 280 millionar kroner.

Tidlegare i år har Kotler Marketing Group gått inn med 19 millionar kroner, ifølgje Finansavisen.

453 millionar
Før kapitalutvidinga er Arctic Bioscience verdsett til 453 millionar kroner.

I samband med kapitalutviding no har allereie Ronja Capital II (20 millionar), Ajea Invest (8 millioner) og Vartdal Holding/Nye Brødrene Vartdal (5,5 millionar kroner) forplikta seg til å vere med på emisjonen. Alle tre er medeigarar frå før.

Ronja Capital II er eigd av Roger, Anja og Robin Halsebakk, Ajea Invest av Asbjørn Soelvågseide og familie og Vartdal Holding/Nye Brødrene Vardal av søskena Ingvild, Jan Endre og Sindre Vartdal.

Publisert: 16.02.2021 13:51

Sist oppdatert: 18.02.2021 13:05

Mer om