Torkjell Ringstad i Evotec hallen montasje foto Evotec
INNPASS I ASIA: Dette er gode kontrakter som sikrar god omsetning innan forskingssegmentet vårt, seier Torkjell Ringstad (innfelt), leiar for salg og marknad i Evotec.Foto: Entec
Nytt

Asia-kontraktar for 60 millionar

Evotec-utstyr til forskingskip i Asia.

29.04.2021

Evotec i Ulsteinvik har nettopp signert to avtalar om å levere vinsjer og handteringsutstyr for 30 millionar til to asiatiske havforskingsfartøy.

Arbeidet skal vere ferdig i høvesvis september 2021 og februar 2022.

Tidlegare i år har Evotec inngått liknande kontrakter om å levere vinsjer og handteringsutstyr for andre asiatiske forskingsfarty, slik at selskap i alt har inngått kontrakter på i alt 60 millionar kroner til asiatiske forskingsfarty.

- Dette er gode kontrakter som sikrar god omsetning innan forskingssegmentet vårt, seier Torkjell Ringstad, leiar for salg og marknad i Evotec i ei pressemelding.

Evotec er eit selskap i Entec Group, som også omfattar Brimer og Servitec.

I 2019 hadde Evotec 157 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 12 millionar kroner.

Publisert: 29.04.2021 13:00

Sist oppdatert: 29.04.2021 12:54

Mer om