Evotec innfelt fiskebåt Torkjell Ringstad Håvard Haanes Ingunn Sporstøl
MEIR ARBEID: Torkjell Ringstad (t.v.), Håvard Haanes og Ingunn Sporstøl og dei andre i Evotec får meir å gjere framover med utstyr til fiskebåten Stødig (innfelt). Foto/Illustrasjon: Marius Rosbach/Karstensens Skipbsværft
Nytt

Første fiskerikontrakt med norsk reiarlag

Evotec skal levere større vinsjepakke til fiskebåt.

Marius Rosbach
07.04.2021

Evotec har sikra seg si første kontrakt innan fiskeri til eit norsk reiarlag.

Ulsteinvik-selskapet skal levere ei større vinsjepakke til ein fiskebåt som skal byggjast ved Karstensens Skipbsværft i Danmark, ifølgje ei pressemelding onsdag.

Leveransen er den andre Evotec har til det danske verftet og den fjerde kontrakten innan fiskeri, der dei no satsar for fullt.

Det er reiarlaget Asbjørn Selsbane som har tinga det nye fartøyet, som vil få namnet «Stødig».

Leveransen frå Evotec omfattar alle vinsjar for tråling, snurrevad og fortøying.

– Utstyret er elektrisk og med svært effektiv drivlinje, som sikrar miljøvenleg fiskeri gjennom redusert energiforbruk og regenerering, heiter det i pressemeldinga.

Salssjef for fiskeri i Evotec, Håkon Woldsund, fortel i meldinga at det har vore ein grundig prosess saman med reiarlaget, som har hatt fokus på detaljar for å finne gode løysingar.

Evotec er eit selskap i Entec-gruppa, som har hovudkontor i Ulsteinvik. Dei leverer ulike handteringsløysingar til fiskeri, forsking, akvakultur og seismikk.

Publisert: 07.04.2021 10:21

Sist oppdatert: 29.04.2021 12:37

Mer om