- Sjå på nordlys-turismen. Den har snudd opp ned på Tromsø. Frå å vere ein død by, har vintermånadane blitt den beste turistsesongen.
Suksessen i Nord-Noreg har gitt Sindre Mjelva ved Hotel Union i Geiranger blod på tann.
I vinter har han besøk frå dei første representantane frå asiatiske reisbyrå - først og fremst frå Kina og Japan - på visningsturar i Geiranger. Ideen er mellom anna at fjellgardane langs fjorden skal vere enda meir eksotiske med snø på.
Besøket kjem i stand i samarbeid med Innovasjon Noreg og fleire reiselivsmål på Vestlandet.
- I Tromsø jobba dei i åtte år før gjennombrotet kom, seier Mjelva.
I dag har overnattingsbedriftene i Geiranger eit gjennomsnittleg belegg på cirka 40 prosent på årsbasis.
På sommaren er det fullt, om vinteren rikeleg med plass.
Eit slikt belegg skaper ein heilt annan situasjon for overnattingsbedriftene i Geiranger. Tommelfingeregelen for å overleve som heilårsbedrift er eit belegg på rundt 50 prosent, i følgje Mjelva.
Rundt 700.000 turistar vitjar Geiranger kvart år. Rundt 550.000 av desse kjem i sommarsesongen, frå midten av mai til midten av september. I tida november-mars, reknar Mjelva med at berre rundt 10.000 er innom.
Dessutan siktar Mjelva til å trekkje til seg vinterturistar som vil leggje att meir pengar enn gjennomsnitttsbesøkande om sommaren.
Suksessen i Nord-Noreg har gitt Sindre Mjelva ved Hotel Union i Geiranger blod på tann.
I vinter har han besøk frå dei første representantane frå asiatiske reisbyrå - først og fremst frå Kina og Japan - på visningsturar i Geiranger. Ideen er mellom anna at fjellgardane langs fjorden skal vere enda meir eksotiske med snø på.
Besøket kjem i stand i samarbeid med Innovasjon Noreg og fleire reiselivsmål på Vestlandet.
Langsiktig arbeid
Går alt etter planen kan dei første asiatiske vinterturistane kome til Geiranger allereie om eitt år, vinteren 2014/2015. Men Mjelva er innstilt på at det kan ta tid.- I Tromsø jobba dei i åtte år før gjennombrotet kom, seier Mjelva.
Gevinst for alle
I første omgang er det Hotel Union som er lokomotivet som skal trekkje vinterturistar til Geiranger, men målet er at vinterturistane skal gi meir å gjere for alle.I dag har overnattingsbedriftene i Geiranger eit gjennomsnittleg belegg på cirka 40 prosent på årsbasis.
På sommaren er det fullt, om vinteren rikeleg med plass.
Arbeid heile året
Mjelva reknar med at belegget i vintermånaden i gjennomsnitt ligg rundt 15 prosent. Målet er å nå 30-40 prosent belegg. Det vil auke gjennomsnittsbelegget på årsbasis til 55-60 prosent.Eit slikt belegg skaper ein heilt annan situasjon for overnattingsbedriftene i Geiranger. Tommelfingeregelen for å overleve som heilårsbedrift er eit belegg på rundt 50 prosent, i følgje Mjelva.
Rundt 700.000 turistar vitjar Geiranger kvart år. Rundt 550.000 av desse kjem i sommarsesongen, frå midten av mai til midten av september. I tida november-mars, reknar Mjelva med at berre rundt 10.000 er innom.
God betaling
Vinterturisme kan gi meir pengar i kassa pr. person enn sommarturismen. 80-90 prosent av dei som besøker Geiranger om sommaren er på gjennomreise. Mået er at ein større del av dei som kjem om vinteren skal overnatte i bygda.Dessutan siktar Mjelva til å trekkje til seg vinterturistar som vil leggje att meir pengar enn gjennomsnitttsbesøkande om sommaren.
Sjå på nordlys-turismen
Publisert: 22.01.2014 09:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30