Dette opplyser Atea i ei fredag.
Alle dei 16 tilsette i Herøy-selskapet vert med vidare i satsinga.
Overtakinga av selskapet har verknad frå og med 11. september.
Datatech har vokse jamnt og trutt sidan starten i 1988. I 2013 omsette selskapet for 36,8 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 6,7 millionar kroner. Dette var like bak toppåret 2012, då omsetninga passerte 38 millionar kroner og resultatet før skatt vart på 6,9 millionar kroner.
Styreleiar Ronny Voldsund hovedaksjonær med 50,1 % av aksjane. Han får no utbetalt vel 15 millionar kroner etter salet.
Nest største aksjonær er dagleg leiar Jon Kvalsund med 18,9 prosent, som får utbetalt 5,6 millionar kroner.
Andre aksjonærar er teknisk sjef Asgeir Ulstein (13,4 %), senior konsulent Jørn E. Schancke (10,0 %) og konsulent Øyvind Gundersen (7,5 %).
Selskapet er representert i 84 byar i Norge, Sverige, Danmark, Finland, Litauen, Latvia og Estland.
I Norge er Atea mellom anna representert i Førde, Ålesund og Kristiansund.
Atea hadde i 2013 ei omsetning på 22 milliardar kroner.
Alle dei 16 tilsette i Herøy-selskapet vert med vidare i satsinga.
Overtakinga av selskapet har verknad frå og med 11. september.
God inntening
Atea opplyser at kjøpet vil styrke Atea innanfor maritim industri og offshore. Datatech er her leverandør av løysingar innanfor IT-infrastruktur til fleire store selskap i regionen.Datatech har vokse jamnt og trutt sidan starten i 1988. I 2013 omsette selskapet for 36,8 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 6,7 millionar kroner. Dette var like bak toppåret 2012, då omsetninga passerte 38 millionar kroner og resultatet før skatt vart på 6,9 millionar kroner.
Tilsetteeigd selskap
Aksjane i Datatech er heileigd av selskapet Frilund. Dette selskapet består av tilsette i Datatech.Styreleiar Ronny Voldsund hovedaksjonær med 50,1 % av aksjane. Han får no utbetalt vel 15 millionar kroner etter salet.
Nest største aksjonær er dagleg leiar Jon Kvalsund med 18,9 prosent, som får utbetalt 5,6 millionar kroner.
Andre aksjonærar er teknisk sjef Asgeir Ulstein (13,4 %), senior konsulent Jørn E. Schancke (10,0 %) og konsulent Øyvind Gundersen (7,5 %).
Nordens største
Atea er Nordens og Baltikums største leverandør av IT-infrastruktur med rundt 6.200 tilsette.Selskapet er representert i 84 byar i Norge, Sverige, Danmark, Finland, Litauen, Latvia og Estland.
I Norge er Atea mellom anna representert i Førde, Ålesund og Kristiansund.
Atea hadde i 2013 ei omsetning på 22 milliardar kroner.
Publisert: 12.09.2014 12:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37