Havila Shipping-kursen har falle 13,53 prosent sidan starten av 2024. For Golden Energy Offshore Services er fallet så langt i år 3,32 prosent.
Begge selskapa hadde årets botnnotering i april, men sommarsesongen som vanlegvis er god for offshorereiarane har ikkje innfridd i år.
I førre veke kunne NettNo fortelje at to meklarhus rapporterte om både ankerhandtering- og forsyningsskip utan oppdrag i juli. Juli plar vere ein høgsesong, med mange oppdrag og god betaling.
Slik blei det ikkje i år, og det er truleg ein del av forklaringa på kursutviklinga til dei to børsnoterte offshorereiarlaga på Nordvestlandet.
| Børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,73 | -1,06 % |
| Atlantic Sapphire | 9,283 | -2,50 % |
| Endúr | 88,90 | -0,34 % |
| Golden Energy Offshore Services | 18,95 | 0,00 % |
| Hav Group | 7,18 | -0,83 % |
| Havila Kystruten | 1,30 | 1,17 % |
| Havila Shipping | 1,47 | -3,61 % |
| Hexagon Composites | 16,80 | -1,64 % |
| Hexagon Purus | 1,902 | 1,17 % |
| Hofseth Biocare | 1,795 | 0,84 % |
| Tinde Sparebank | 126,10 | -2,25 % |
| Salmon Evolution | 5,57 | 0,00 % |
| Sparebanken Møre | 105,2 | 0,86 % |
| Kilde: Oslo Børs |
Publisert: 04.08.2025 17:10
Sist oppdatert: 05.08.2025 15:35






