Langset arbeider Foto Langset Group
INDUSTRI: Langset Group er i dag eit reindyrka industriselskap med tilsette frå Hammerfest i nord til Bergensområdet i sør.
Nytt

Langset Group tilbake i pluss

Etter to år med tilsaman 42,7 millionar kroner i underskot er industriselskapet Langset Group i Molde tilbake i pluss.

05.08.2025

"Etter flere år med omstillingprosesser ble 2024 er år med positiv utvikling i omsetning og resultatet i de fleste selskap", skriv Langset Group-styret i årsmeldinga for 2024.

Framtidutsiktene er gode og styret er nøgd med 2024-resultatet, ifølgje årsmeldinga.

Delt i to
I fjor vart Langset Group delt i to. Odd Arne Langset og Anders Langset kjøpte ut Leif Magne Langset sine aksjar i Langset Group. Leif Magne Langset tok samstundes over datterselskapet Brødrene Langset, og døypte det om til Langset Solutions.

Med delinga tok Leif Magne Langset med seg bemanningsverksemda ut av Langset Group, som no er eit reindyrka industriselskap, med fleire datterselskap, frå Hammerfest i Nord til Straume ved Bergen i sør.

Verksemdene spenner frå utvikling og produkjson av fabrikkar for slambehandling og proteingjenvinning i fiskeindustrien, via mekanisk verkstad til selskap som har utvikla metodar for samanføying av aluminium. 

Redusert etter deling
Konsernet hadde omlag 180 tilsette i fjor.

Driftsinntektene gjekk litt ned (sjå tabell). Det skuldast inntektene til selskap som vart tatt ut av konsernet ved delinga. Dei verksemdene som vart att i konsernet hadde auka inntekt.

Langset Group as (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt287,8304,4
Driftsresultat11,6-15,9
Resultat før skatt23,0-14,6

Publisert: 05.08.2025 05:00

Sist oppdatert: 04.08.2025 17:41

Mer om