Adminstrerande direktør Audun Maråk i havfiskeflåten sin interesseorganisasjon Fiskebåt presenterte reknestykket på fiskerikonferansen Ombordfryst i dag.
Poenget med reknestykket er å illustrerer at frose råstoff gir ein meirverdi. Det er heller ikkje slik at frose råstoff ikkje kan brukast av fiskeindustrien i Noreg, seier Maråk og peikar mellom anna på klippfiskindustrien som er stor grad er konsentrert på Nordvestlandet.
Maråk sitt reknestykke er basert på fangsmengde fersk fisk i Norges Råfisklag sitt område ganga med prisskilnaden mellom ferskt og fryst råstoff.
Sjå sending frå Ombordfryst-konferansen under:
Vil ha meir foredling
Regjeringa vil styrke samfunnskontrakten mellom land og sjø, sa statssekretær Kristina Hansen i Nærings- og fiskeridepartementet i sitt innlegg på konferansen.
I det ligg mellom anna eit ønskje om meir bearbeiding og aktivitet på land før fisken blir eksportert,
Rosa salslaga
Hansen rosa salslaga for å ha lukkast med at meir frosen fisk blir seld på auksjon og dermed har blitt tilgjengleg for norsk fiskeindustri, men ønsker enda betre resultat.
Salslaga har monopol på førstehandsomsetning av fisk og har dermed ei nøkkelrolle i korleis fisken blir omsett i første ledd.
Ein rapport som vurderer korleis fiskesalslagslova fungere er no ute på høyring, med høyringsfrist 19. februar.
Publisert: 08.01.2026 13:13
Sist oppdatert: 08.01.2026 13:13






