Nøgd med snittvekta på første laksen
Salmon Evolution med ny oppdatering i kvartalsrapporten.
Gjennomsnittsvekta for den første laksen frå det landbaserte anlegget til Salmon Evolution er så langt på 3,3 og 4,7 kilo.
Det opplyser selskapet i kvartalsrapporten som blei offentleg i ei børsmelding onsdag morgon.
Kvalitetstestar har stadfesta at smak og kvalitet er god, opplyser selskapet.
Salmon Evolution melde førre veke at dei hadde slakta den første laksen frå anlegget på Indre Harøy, men opplyste ikkje då om vekta.
Skal slakte resten før årsskiftet
Den første lasten med kring 30.000 fisk gjekk til Vikenco sitt lakseslakteri.
I rapporten fortel selskapet at det neste kullet med fisk også held fram å utvikle seg bra. Resten av første kull skal slaktast i løpet av siste kvartal.
Inntektene for kvartalet gjeld kun mindre mengder smolt, og selskapet er no for alvor i gong med verksemda.
USA og Asia-utviding i rute
Salmon Evolution har planar om fleire utvidingar av anlegget på Indre Harøy. No held dei oppsyn med korleis marknaden utviklar seg og jobbar med å spare kostnader for neste byggetrinn.
Arbeidet med å ekspandere i USA og Sør-Korea er også i rute.
Håkon André Berg trekte seg nyleg som toppsjef av personlege årsaker, og den rolla er inntil vidare teke hand om at Trond Håkon Schaug-Pettersen.
Salmon Evolution ASA | ||
Per 3. kvartal I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | -0,2 | 19,3 |
Driftsresultat | -16,1 | -4,7 |
Resultat før skatt | -14,2 | -5,6 |
Salmon Evolution ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 19,3 | 12,2 |
Driftsresultat | -41,1 | -25,4 |
Resultat før skatt | -26,2 | -21,2 |
Publisert: 16.11.2022 07:22
Sist oppdatert: 16.11.2022 08:35