Trond Teigene Sparebanken Sogn og Fjordane
AUKA LØNSEMD: Trond Teigene er sjef for Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane
Nytt

Auka lønsemd for Sparebanken Sogn og Fjordane

9,9 prosent vekst i utlån til bedriftsmarknaden.

05.05.2023

Medan Sparebanken Sogn og Fjordane auka tapsavsetningane med 17 millionar kroner i første kvartal 2022 tilbakeførte banken fire millionar kroner i tidlegare tapsavsetningar i første kvartal i år.

Banken tener også på at skilnaden mellom renteinntekter på utlån og banken sine eigne innlånskostnadar aukar. Det er hovudårsaka til auka lønsemd i første kvartal i år samanlikne med første kvartal 2022. (Sjå tabell)

Les børsmelding her

"Utsiktene har blitt meir usikre det siste året pga. sterk renteoppgang og høg generell prisstigning. Kundane til banken har eit bra utgangspunkt for å takle auka renter og høgare prisar. Det er låg arbeidsløyse og nivået på misleghaldne lån er relativt lågt. Vi må framover vere budde på at enkelte kundar kan få utfordringar og det er tatt høgde for dette i tapsavsetningane på utlån og garantiar.", skriv banken i kvartalsrapporten for 1. kvartal.

Uvissa har førebels ikkje slått ut i låneviljen. I siste 12-månadarsperiode har utlåna auka med 6,8 prosent, 5,8 prosent i privatmarknaden og 9,9 prosent i bedriftsmarknaden.

Sparebanken Sogn og Fjordane

1. kvartal. I mill. kroner

20232022

Driftsinntekt

401320
Driftsresultat274203
Resultat før skatt278186

Publisert: 05.05.2023 11:43

Sist oppdatert: 05.05.2023 11:44

Mer om