Odd Emil Ingebrigtsen og Roar Aasen
FOSNAVÅG: Dagleg leiar Roar Aasen (t.h.) i Fosnavaag Pelagic saman med fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Auka omsetning - men raude tal

Fosnavåg-bedrifta har fått tilført ti millionar kroner i ny eigenkapital.

05.10.2021

Den pelagiske bedrifta Fosnavaag Pelagic auka omsetninga med 25 millionar kroner frå 2019 til 2020. Resultatet vart også forbetra, men selskapet gjekk likevel med 3,3 millionar kroner i minus.

No har eigarane styrka eigenkapitalen med ti millionar kroner, samstundes som Remøy Group har seld sin aksjepost til Tripleline Vedde.

(saka held fram etter tabellen)

Fosnavaag Pelagic
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 347,1 322,1
Driftsresultat -1 -2,2
Resultat før skatt -3,3 -5,6

Mange sesongarbeidarar
Etter endringa eig Tripleline Vedde 44,6 prosent av selskapet. Største eigar er derimot Nils Sperre as med 45,3 prosent, medan Finn Caspersen gjennom Finnmin Eiendom eig 10,1 prosent.

Konsernet har åtte fulltids tilsette, men hadde i fjor i tillegg 55 sesongarbeidarar. Desse er leigde inn gjennom dotterselskapet Herøy Maritime.

Silderogn
Under eit besøk av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i juli, opplyste dagleg leiar Roar Aasen at Fosnavaag Pelagic i fjor tok imot 40.000 tonn råstoff, der 32.000 tonn var sild. I tillegg har ein satsa stort på produksjon av silderogn, men Aasen såg ein klar tendens til at fleire nasjonar vart meir proteksjonistiske, der ein leverer fisken i heimlandet, sjølv om det er kortare veg til Norge.

- Færøyane og Island har vore førande, men no ser vi også at det nesten ikkje er irske båtar som leverer makrell i Norge. Dei går heim, sjølv om avstanden er mykje lenger.

Viktig auksjonssystem
Aasen var også opptatt av å verne om auksjonssystemet gjennom Norges Sildesalslag.

- Om vi skal over på eit kontraktssystem med kvar enkelt ringnotfartøy, fryktar eg at vi som ein liten aktør vil forsvinne. Då vil det for reiarane vere lettare å velje ein aktør som har mange anlegg langs kysten.

Fosnavaag Pelagic har ein eigenkapital på 35,1 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 31,7 millionar kroner.

Selskapet samarbeider med Nils Sperre as om sal og marknadsføring av produkta.

Publisert: 05.10.2021 05:50

Sist oppdatert: 05.10.2021 13:44

Mer om