Auka salet av pakistanske produkt
Sjøholt-selskapet Bokhari gir arbeid til mange fattige i Pakistan.
Selskapet vart starta opp i 2018 og er 75 prosent eigd av Amar Bokhari og 25 prosent av Runa Klock. Han bur i Islamabad, ho på Sjøholt.
I fjor omsette selskapet for 6,3 millionar kroner, som er ny rekord.
(saka held fram etter tabellen)
Bokhari | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 6,3 | 5,9 | |
Driftsresultat | 0,7 | 0,7 | |
Resultat før skatt | 0,6 | 0,7 |
Sonen overtok
Historia til selskapet går tilbake til 1980-talet då norsk-pakistanaren Yawar Bokhari starta å produsere filleryer og bygde opp eit veveri i Sultan Town ved millionbyen Faisalabad. Det vart også etablert skule vegg i vegg med veveriet ettersom mange av barna til dei veveritilsette ikkje gjekk på skule. Men etter at Yawar Bokhari døydde i 2012, stoppa aktiviteten ved veveriet opp.
I 2014 bestemte sonen Amar Bokhari og designar Runa Klock å gjenreise veveriet og utvikle ny portefølgje av berekraftige produkt.
450 tilsette
Ifølgje heimesida til Bokhari er det i dag 450 kvinner og menn tilknytta veveriet, og skulen er på nytt i full gang.
Bokhari sel ei rekke tekstilprodukt som sengeteppe, klutar, bagar og forkle, alt av materiale som kan gjenvinnast.
Selskapet tilbyr også samarbeid med partnerar for å utvikle eigne produkt.
I 2022 sysselsette Sjøholt-selskapet to årsverk.
Publisert: 20.04.2023 13:13
Sist oppdatert: 20.04.2023 13:15