Bård Thorsen Økokrim prosedur mot Aurstad foto Ogne
KAN BLI NY SAK: Aktor Bård Thorsen i Økokrim vann fram i tingretten. No kan det bli ei ny runde i straffesaka mot Cato Aurstad. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Auka sjanse for ankesak for Aurstad

Frostating lagmannsrett nekta ny behandling for Cato Aurstad, men ei avgjerd i Høgsterett kan gjere at Aurstad likevel får ny rettsak.

25.10.2021

Cato Aurstad vart i mai i år dømt til eitt år og ni månaders fengsel i Søre Sunnmøre Tingrett for sine handlingar i samband med sal av maskiner og utstyr til eit søsterselskap før konkursen i entreprenørselskapet K A Aurstad i 2018.

Dommen vart anka, men ankeutvalet i Frostating Lagmannsrett avviste tidlegare i år å ta saka opp til ny behandling i lagmannsretten.

Ankeutvalet konkluderte i sitt vedtak med at korkje lovanvendelsen eller bevisvurderinga i tingretten er feil, og også med at heller ikkje anken over straffeutmålinga vil føre fram.

For streng
Avgjerda til ankeutvalet i Frostating Lagmannsrett vart anka til Høgsterett, men Høgsterett utsette å behandle anken frå Aurstad til Høgsterett hadde vurdert ei liknande sak. Utfallet i den saka kan få innverknad på Aurstad-saka, meinte Høgsterett.

Også i den andre saka hadde tiltalte anka til lagmannsretten etter å ha blitt dømt i tingretten, og fått avvist anken av ankeutvalet i lagmannsretten.

No har Høgsterett avgjort at den tiltalte i den andre saka skal få saka si opp til behandling i lagmannsretten. Ankeutvalet har ikkje gitt ei sjølstendig grunngiving for at anken ikkje kan føre fram, meiner Høgsterett.

Sal av maskinparken
Utgangspunktet for straffesaka mot Aurstad er salet av maskinparken frå entreprenørselskapet K.A. Aurstad i oktober 2018 til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige, omlag to månadar før det blei opna konkurs i K.A.Aurstad. Målet, i følgje Aurstad si forklaring i retten, var å tilføre K.A.Aurstad likviditet slik at selskapet kunne klare seg gjennom krisa det var i.

Økokrim meinte salet vart gjort til langt under marknadspris, til ugunst for kreditorane, og at Cato Aurstad både hadde ansvaret og var klar over underprisen.

Publisert: 25.10.2021 15:52

Sist oppdatert: 25.10.2021 17:51

Mer om