Aukande misnoeye med GIEK
KAMP OM «NYE» GIEK: Stortingspolitikar Steinar Reiten (innfelt) trur det er mogleg å få eit hovudkontor til Ålesund - på sikt. Næringsminister Iselin Nybø har svart at tidspunktet ikkje er rett for å diskutere anna lokalisering enn Oslo. 
Nytt

Aukande misnøye med GIEK

Kampen om nær 150 arbeidsplassar handlar om framtida for viktige delar av næringslivet på Nordvestlandet. For å forstå kvifor debatten har teke fyr, må ein sjå bakover.

Marius Rosbach
15.01.2021
Diskusjonen om noko så «tørt» som Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) og Eksportkreditt Norge står no på toppen av agendaen for store delar av næringslivet og det politiske miljøet på Nordvestlandet.
Dei siste dagane har ein rekke næringslivstoppar og politikarar frå dei fleste parti teke til orde for å flytte alle, eller nokre av arbeidsplassane ved eksport-institutta frå Oslo til Ålesund, eller andre stader i landet.
Sjå fakta om GIEK/Eksportkreditt til høgre - eller under om du les på mobil
Den einaste stortingspolitikaren med plass i næringskomiteen frå Møre og Romsdal, Steinar Reiten (KrF) har ikkje vore den som har ropt høgast. I staden har han nytta nettverket inn mot regjeringsapparatet.

Nybø vil møte næringslivet

Torsdag enda arbeidet til Reiten med eit møte med næringsminister Iselin Nybø, som vidare på Nordvestlandet for å høyre meir om saka.
KrF-politikaren fortel kva som har vore viktig for han å formidle:
– Dei som kjenner historikken i dette veit at det har vore stor frustrasjon hos kriseramma næringar som offshorereiarlag og verfta, over at GIEK har lagt seg i selen som kreditorar i ei periode der desse selskapa har slitt med tung gjeldsbør. Her er det nok ikkje berre ein følelse av geografisk avstand, men også ein psykologisk avstand, seier Reiten til NETT NO.

Ingen «quick fix» meiner Reiten

Ein gjengangar mellom argumenta i diskusjonen, har vore at verkemiddelapparatet - som skal legge til rette for at norske bedrifter får eksportert varer og tenester - må ha større nærleik til dei viktigaste eksportnæringane. Og dei finst langs kysten.

Reiten sa til NETT NO torsdag at han hadde forståing for synspunkta, men han er skeptisk til at det er mogleg å flytte hovudkontoret til den nye samanslåtte eininga til Ålesund på kort sikt.
Det er nettopp kva Frp med Sylvi Listhaug i spissen .
– I eit valår blir det ein dynamikk som gjer at det kan bli skapt eit inntrykk av at det finst «quick-fix»-løysingar, seier Reiten og trur ein slik prosess vil ta lengre tid.
No jobbar interimstyret for GIEK/Eksportkreditt etter mandatet dei har fått frå regjeringa om å - i Oslo-området.
– Dei har no fått eit oppdrag for å sørge for ein smidig og god overgang til ein samanslått organisasjon. Men eg ser absolutt ei moglegheit for å flytte hovudkontoret til Ålesund på lengre sikt, legg Reiten til.

Meiner GIEK er gamaldags og utdatert

Misnøya kring GIEK har i liten grad vore uttalt offentleg, etter at Stig Remøy gjekk i offentleg klinsj med GIEK-direktør Wenche Nistad over manglande finansiering i 2017.

Men det siste året har det vore murra oftare i bi-setningar frå både reiarar og verftssjefar.
Torsdag var Stig Remøy igjen den som tok bladet frå munnen og omtala GIEK som «gamaldags» og «utdatert» då næringslivsfolk, bankar og politikarar var samla til eit digitalt innspelsmøte torsdag.

Viser til Sverige og Danmark

Herøyreiaren gir uttrykk for at det er ei manglande forståing for korleis dei teknologiske nyvinningane i den maritime klynga kan vere avgjerande i det grøne skiftet.
– Norge kan gjere klima til ein moglegheit, men i dagens GIEK slit dei med gamle tankar og heilt andre måtar å løyse utfordringane på, enn det vi meiner er rett, sa han.
Stig Remøy viste også andre skandinaviske land, som har ein langt betre eksport-score enn Norge dei siste åra.
– Vi ser skilnaden. I Danmark får selskap pengar om dei skapar jobb til det danske næringslivet. Om Norge skal leve av havet, må verkemiddelapparatet følgje med industrien. I dag snakkar vi to ulike språk, sa Remøy.

Les også:



– Mange som er utflytta frå Nordvestlandet

Stig Remøy meiner ei sterkare tilknyting for GIEK/Eksportkreditt er viktigare no, fordi dei store forretningsbankane har redusert si tilknyting i regionen.
Det fekk banksjef Louise Haahjem i Nordea til å reagere under innspelsmøte torsdag.
Ho viste til at banken har kring 200 tilsette i Ålesund, og at dei i høgste grad framleis er til stades i byen. Ho leiar sjømatavdelinga i banken, og påpeika at den internasjonale porteføljen til banken også er styrt frå Ålesund.
Samtidig var banksjefen ikkje i tvil om at byen vil ha godt av å utvide fagmiljøa. Ho antok at dei statlege arbeidsplassane i GIEK/Eksportkreditt i hovudsak vil dreie seg om juristar og økonomar.
– Og eg veit at det er ganske mange som er utflytta frå Nordvestlandet som jobbar der i dag. Vi skulle gjerne hatt ein del av dei tilbake hit, sa Haahjem.

Rapportkonklusjon har provosert

Ein konklusjon i ein som kom i november 2019 har provosert mange næringslivet på Nordvestlandet i diskusjonen om eit samanslått GIEK/Eksportkreditt.
I samband med lokalisering konkluderer rapportskrivarane at «Oslo er den eneste lokasjonen i Norge som har kritisk masse av relevant kompetanse for denne typen virksomheter».
Terje Krøvel som leiar næringslivsmarknaden i Sparebanken Møre er ikkje i tvil om at det er mogleg å rekruttere nok folk ved å plassere «nye» GIEK på Sunnmøre.
– Det er fullt mogleg å finne den kompetansen her. Det er eg overhovudet ikkje i tvil om, og støttar at GIEK i det minste bør ha eit lokalkontor på Sunnmøre, sa Krøvel då han tok ordet under innspelsmøte torsdag.

– Kan ikkje vere til hindre for ein politisk diskusjon

NHO-sjef Espen Remme i Møre og Romsdal meiner også konklusjonen til Deolitte er gjort på «på tynt grunnlag», og at den står i kontrast til dei politiske måla som regjeringa har lagt fram i ei rekke stortingsmeldingar – til dømes om maritime næringar.
Remme er mellom dei som vil ha hovudkontoret i «nye» GIEK til Ålesund.
– At interimstyret har fått eit mandat, kan ikkje vere til hindre for ein politisk diskusjon kring dette, avslutta NHO-sjef Remme innspelsmøte.
Næringsminister Iselin Nybø har så langt svara at det , men har opna for at det kan vere aktuelt å vurdere andre geografiske plasseringar seinare.

Meir om saka:




Espen Sundgot:



Synspunkt

:

Orten om GIEK-lokalisering:




Det har vore stor frustrasjon hos kriseramma næringar som offshorereiarlag og verfta, over at GIEK har lagt seg i selen som kreditorar i ei periode der desse selskapa har slitt med tung gjeldsbør.

Publisert: 15.01.2021 11:11

Sist oppdatert: 07.05.2021 15:30