Auke i innskota sparebanksjef trur eigarmodell gir utslag
SKILNADER: Banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN fortel om skilnader på innskota frå bedrifter i dei ulike distrikta i Midt-Norge. 
Nytt

Auke i innskota – sparebanksjef trur eigarmodell gir utslag

Bedriftene i Midt-Norge puttar meir pengar på bok. Men auken er dobbelt så kraftig i Trondheim, som på Sunnmøre.

Marius Rosbach
05.02.2021
Sparebank 1 SMN leverte fredag for 2020, som mellom anna viser ei auke både i innskot og utlån.
– Frå vår ståstad er det også morosamt at vi har auka talet på kundar med 19 prosent, etter eit år som har vore så turbulent for mange, fortel Jan Rune Hurlen til NETT NO.
Han er banksjef for Sparebank 1 SMN sin næringslivsverksemd på Sunnmøre, og seier statstikken og andre kollegaer fortel om ei tilsvarande utvikling for mange av sparebankane.
Les også:
Hurlen trur eigemodellen kan vere med å påverke ein slik trend.
– Både at lokalsamfunna sitt med en større del av eigarskapen enn i andre bankar, men også at vi er nært på kunden og kjenner forholda dei jobbar under, fortel han.

Store skilnader mellom regionane

Totalt auka innskota til bedriftene i Midt-Norge med 13,5 prosent i løpet av året.
Om ein ser på skilnader mellom dei ulike regionane, er det bedriftene i Nord-Trøndelag og Sunnmøre som har lågast auke i innskota med 7 og 8,2 prosent.
I Trondheim og Stjørdal er auken på heile 17 prosent, medan Nordmøre og Romsdal følgjer like bak med 13,7 prosent auka i innskota.
– Vi har til vanleg store innskott frå bransjar relatert til olje- og offshore, som no har ein tøff periode. Samtidig har trøndelagsfylka eit næringsliv som er mindre utsett for konjunkturar, enn Møre og Romsdal, seier han.

Ikkje lengre bekmørkt i offshore

Også tap, eller avsetting til tap har vorte større i løpet av fjoråret. Av tapa på 873 millionar kroner, var 451 millionar tap på utlån til offshore.
Hurlen trur ikkje er utsikter til betydeleg betring med det første.
– Det er ikkje bekmørkt, men ting er heller ikkje heilt på plass, sjølv om det er teikn til at ratane blir litt betre, og kontraktane litt lengre, seier banksjefen.

Tøft – men ingen store tap i reiseliv

Det er sett av tap på 58 millionar kroner til reiseliv, men Hurlen påpeiker at banken ikkje er noko stor portefølje i bransjen på Sunnmøre.
– Totalt sett for konsernet er det ein del, og det har vore ein tøff runde for mange i den bransjen. Likevel er det ikkje konstatert store tap, og dei fleste verkar ha fått god hjelp av tiltakspakkane gjennom krisa, seier banksjefen.

Les også:




Publisert: 05.02.2021 14:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14