K A Aurstad på garnesskiftet
KAN BLI NY RUNDE OM ADVOKATRÅD: Får Aurstad Maskinutleige medhald i at det ligg føre ansvarsgrunnlag for å kreve erstatning frå DLA Piper må lagmannsretten behandle erstatningskravet mot advokaktfirmaet DLA Piper på nytt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aurstad-strid til Høgsterett

Skal vurdere erstatningskravet mot advokatfirma på nytt.

18.05.2021

Selskapet Aurstad Maskinutleige kravde erstatning frå advokatfirmaet DLA Piper etter rådgivinga før det dåverande søsterselskapet K. A. Aurstad gjekk konkurs i desember 2018.

Aurstad Maskinutleige fekk medhald i tingretten, men tapte i lagmannsretten. No har Høgsterett sitt ankeutval avgjort at striden skal inn for Høgsterett.

Får Aurstad Maskinutleige medhald i at det ligg føre ansvarsgrunnlag for å kreve erstatning frå DLA Piper må lagmannsretten behandle erstatningskravet på nytt.

Tok beslag i maskinparken
Eit par månadar før entreprenørselskapet K.A. Aurstad i Ørsta gjekk konkurs, i desember 2018, kjøpte søsterselskapet Aurstad Maskinutleige store deler av maskin- og utstyrsparken frå K.A. Aurstad for 20 millionar kroner.

Bustyrar Håvard Wiker ville ikkje godkjenne salet, og meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for maskiner og utstyr som var kjøpt. Buet tok beslag i maskiner og utstyr. Resultatet blei eit forlik med buet, der Aurstad Maskinutleige betalte 9,5 millionar kroner for omlag ein fjerdepart av maskiner- og utstyr.

Bustyraren melde seinare maskinsalet til Økokrim, som tok ut tiltale mot hovudaksjonær og styremedlem Cato Aurstad for grovt kreditorsvik fordi maskinparken var prisa alt for lavt. I tingretten tidlegare i år vart Cato Aurstad dømt til eitt år og ni månaders fengsel. Dommen er ikkje rettskraftig og Aurstad sine forsvarar har varsla at den blir anka.

Les også

Vann i tingretten, tapte i langmannsretten
Aurstad Maskinutleige gjekk til erstatningssak mot sin juridiske rådgivar, advokatselskapet DLA Piper, fordi Aurstad Maskinutleige meinte DLA Piper hadde gitt dårlege og mangefulle råd, som førte til økonomisk tap for Aurstad Maskinutleige. DLA Piper skulle orientert om at spørsmål om rettsvern kunne bli eit tema, meiner Aurstad Maskinutleige.

I tingretten vart DLA Piper dømt til å betale 8,6 millionar kroner i erstatning. Tingretten meint det var ein årsakssammenheng mellom råda Aurstad Maskinutleige fekk og det økonomiske tapet.

Borgarting lagmannsrett konkludert med at DLA Piper ikkje hadde noko ansvar for Aurstad Maskinutleige sitt tap, og tok difor heller ikkje stilling til om det er ein samanheng mellom råda frå DLA Piper og eit eventuelt tap.

Lagmannsretten meiner og at utgangspunktet for striden, at bustyret kunne ta beslag i maskinpark og utstyr, er feil. Bustyret hadde ikkje rett til å ta beslag:

"Lagmannsretten legger etter dette til grunn at Aurstad Maskinutleige på beslagstidspunktet hadde rettsvern og at K. A. Aurstads konkursbo ikke hadde rett til å ta beslag i maskinparken.", heiter det i dommen frå lagmannsretten.

Publisert: 18.05.2021 13:16

Sist oppdatert: 09.06.2021 11:33

Mer om