Håvard wiker jo stian tveberg foto ogne 11
FEIL: Bustyrar Håvard Wiker tok beslag i maskinparken til Aurstad Maskinutleige etter konkursen i søsterselskapet K.A. Aurstad. Det hadde han ikkje rett til, meiner Borgarting Lagmannsrett. Til høgre, leiar for Aurstad-konsernet, Jo Stian Tverberg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aurstad tapte i lagmannsretten

Borgarting lagmannsrett konkluderer stikk motsett av tingretten, men meiner samstundes at bustyret ikkje hadde rett i å ta beslag i omstridd maskinpark.

10.02.2021

Eit par månadar før entreprenørselskapet K.A. Aurstad i Ørsta gjekk konkurs, i desember 2018, kjøpte søsterselskapet Aurstad Maskinutleige store deler av maskin- og utstyrsparken frå K.A. Aurstad for 20 millionar kroner.

Bustyrar Håvard Wiker ville ikkje godkjenne salet, og meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for maskiner og utstyr som var kjøpt. Buet tok beslag i maskiner og utstyr. Resultatet blei eit forlik med buet, der Aurstad Maskinutleige betalte 9,5 millionar kroner for omlag ein fjerdepart av maskiner- og utstyr.

Les også: Forlik om maskinpark

Vann i tingretten
Aurstad Maskinutleige gjekk til erstatningssak mot sin juridiske rådgivar, advokatselskapet DLA Piper, fordi Aurstad Maskinutleige meinte DLA Piper hadde gitt dårlege og mangefulle råd, som førte til økonomisk tap for Aurstad Maskinutleige. DLA Piper skulle orientert om at spørsmål om rettsvern kunne bli eit tema, meiner Aurstad Maskinutleige.

I tingretten vart DLA Piper dømt til å betale 8,6 millionar kroner i erstatning. Tingretten meint det var ein årsakssammenheng mellom råda Aurstad Maskinutleige fekk og det økonomiske tapet.

Les meir: Aurstad-rådgivarar dømt til erstatning

Siger og tap
Borgarting lagmannsrett har konkludert med at DLA Piper ikkje hadde noko ansvar for Aurstad Maskinutleige sitt tap, og dommen tek difor heller ikkje stilling til om det er ein samanheng mellom råda frå DLA Piper og eit eventuelt tap.

"Når lagmannsretten har kommet til at det ikke foreligger ansvarsgrunnlag, er det ikke nødvendig for lagmannsretten å ta stilling til spørsmålet om årsakssammenheng og økonomisk tap", heiter det i dommen.

Retten meiner og at utgangspunktet for striden, at bustyret kunne ta beslag i maskinpark og utstyr, er feil. Bustyret hadde ikkje rett til å ta beslag:

"Lagmannsretten legger etter dette til grunn at Aurstad Maskinutleige på beslagstidspunktet hadde rettsvern og at K. A. Aurstads konkursbo ikke hadde rett til å ta beslag i maskinparken."

Tiltale
- Vi er usamd i dommen og kjem til å anke seier leiar for Aurstad-konsernet, Jo Stian Tverberg

Han seier at han registrert at Borgarting lagmannsrett har ei anna vurdering enn bustyrar når det det gjeld rettsvernet for maskinparken.

Bustyrar melde salet av maskinpark og utstyr til Økokrim, som tidlegare i år varsla at det er tatt ut tiltale mot Cato Aurstad - største eigar i Aurstadkonsernet. Aurstad er tiltalt for å ha medverka til sal av maskiner og utstyr langt under marknadspris, til ugunst for kreditorane etter konkursen.

Les også: Tiltale etter Aurstad-konkurs

Publisert: 10.02.2021 15:05

Sist oppdatert: 18.05.2021 12:44

Mer om