Den nye flytedokka skal byggast av Vard sitt verft i Tulcea i Romania og skal vere ferdig i tredje kvartal neste år. Den blir 151 meter lang og 35 meter brei innvendig, med ein maksimal løftekapasitet på 16.000 tonn, skriv Vard i ei pressemelding.
Å slepe dokk frå Romania til Tomrefjorden tek omlag tre veker, slik at dokka kan vere i drift i slutten av 2027.
Dokka er «strategisk viktig for Vards forsvarssatsing, og bidrar ytterligere til selskapets evne til å levere til dette markedet», skriv selskapet i pressemeldinga. Den vil «øke fleksibiliteten ved Vard Langsten, forbedre planlegging og leveringspresisjon, og redusere avhengigheten av ekstern dokk-kapasitet for kritiske operasjoner», ifølgje meldinga.
Prisen på dokka er ikkje opplyst.
Vard er eitt at selskapa som konkurrerer om å få bygge inntil 28 standardiserte fartøy for Forsvaret.
Publisert: 12.05.2026 12:08
Sist oppdatert: 12.05.2026 12:16





