Sanco Atlantic
HERØYTERMINALEN: Skipet har vore til kai ved Herøyterminalen medan mannskapet har vore i karantene. Foto: NETT.NO-tipsar
Nytt

Avsluttar karantene på Sanco-skip

Heile mannskapet testa negativt.

Marius Rosbach
04.08.2021

Mannskapet om bord på seismikkskipet Sanco Antlantic har testa negativt for koronasmitte ved siste test.

– Karantena vert såleis avslutta i dag, opplyser kommuneoverlegen i Herøy på heimesida til kommunen onsdag ettermiddag.

Mannskapet på skipet blei førre veke sett i smittekarantene etter at to av nytt personell som kom om bord, testa positivt på koronavirus.

Ikkje konsekvensar for oppdrag
Skipet ligg til kai ved Herøyterminalen i Herøy. Situasjonen har ikkje fått ikkje konsekvensar for noko av oppdraga til reiarlaget, fortalde Sanco-sjef Ivar Slettevoll til NETT NO førre veke.

Sanco Shipping opererer i det utfordrande seismikkmarknaden, der mange har slitt tungt dei siste åra. Sande-reiarlaget leverte nyleg 20202-tala som likevel viste vekst i inntektene og det nest beste resultatet nokon gong.

Kom frå England
Mannskapet på Sanco Atlantic består av ulike nasjonalitetar. Alle er koronatesta fleire gonger siste veka.

Dei to som testa positivt i førre veke, kom frå England, og hadde testa negativt før avreise i England og då dei kom til Norge.

Tysdag denne veke blei det samtidig klart at alle innbyggjarane i Herøy har fått tilbod om første vaksine.

Publisert: 04.08.2021 14:59

Sist oppdatert: 04.08.2021 15:14

Mer om