Sanco Atlantic
HERØYTERMINALEN: Sanco Atlantic blir inntil vidare liggande til kai ved Herøyterminalen. Foto: NETT.NO-tipsar
Nytt

Mannskap i karantene etter smitte

Får ikkje konsekvensar for oppdraga til reiarlaget.

Marius Rosbach
28.07.2021

Mannskapet på skipet Sanco Atlantic er sette i smittekarantene etter at to av nytt personell som kom om bord, har testa positivt på koronavirus.

Skipet ligg til kai ved Herøyterminalen i Herøy. Situasjonen får ikkje konsekvensar for noko av oppdraga til reiarlaget frå Gjerdsvika i Sande.

– Båten skal ikkje segle på ei stund uansett. Den ligg til kai for å gjere diverse modifikasjonar og skal ut på oppdrag i september, fortel reiar Ivar Slettevoll i Sanco Shipping til NETT NO.

Han fortel at reiarlaget samarbeidar tett med Herøy kommune om korleis situasjonen skal handterast.

Kom frå England
Slettvoll fortel at dei to som testa positivt i førre veke, kom frå England, og hadde testa negativt før avreise i England og då dei kom til Norge.

Desse to er no sette i isolasjon ein anna stad, enn om bord på skipet, opplyser Herøy kommune i ei pressemelding.

Ventar på resultat av fleire testar
Resten av mannskapet på Sanco Atlantic består av ulike nasjonalitetar. Alle blir no testa på nytt.

Resultata av testane denne og neste veke, avgjer kva tiltak som blir sett i verk vidare, opplyser kommunen i meldinga.

Oppdatert: Resten av mannskapet testa negativt

Sanco Shipping opererer i det utfordrande seismikkmarknaden, der mange har slitt tungt dei siste åra. Sande-reiarlaget leverte nyleg 20202-tala som likevel viste vekst i inntektene og det nest beste resultatet nokon gong.

Publisert: 28.07.2021 09:05

Sist oppdatert: 04.08.2021 15:08

Mer om